– Dette gjekk ikkje heilt etter planen

Bekkevoll ungdomsskule var ikkje heilt fornøgd med resultatet etter onsdagens Klassequiz. Dei fekk til slutt fem poeng.

Bekkevoll ungdomsskole

Deltakarane frå Bekkevoll ungdomsskule fekk fem poeng i onsdagens Klassequiz.

Foto: Sara Lovise Roaldseth / NRK

Vilde Heggem Iversen, Mathias Myklebust, og Oliver Fremo Amundsen var femte lag ut i årets Klassequiz, og representerte Bekkevoll ungdomsskole i Molde under konkurransen onsdag ettermiddag.

Før konkurransestart håpa deltakarane på å få spørsmål om PC og maskinvare, og frykta kategoriar som religion og historie.

– Vêret kunne vore betre

På spørsmål om kva dei synest om heimstaden Molde var det mange forskjellige meiningar.

Oliver er glad han bor i Molde.

– Vi har nærleik til fjell der ein kan drive med downhill sykling og snowboard.

Vilde synest godt at vêret kunne ha vore betre.

– Og så er det litt lite å finne på her, seier ho.

Fekk fem poeng

Dei tre elevane frå Bekkevoll ungdomsskole i Molde sanka tre poeng i den siste kategorien og enda til slutt med fem poeng.

– Eg følte at vi fekk dårlege kategoriar som ingen av oss var ekspertar på så eg er litt misfornøgd med resultatet, men vi får ta det vi får, seier Oliver.

Dei to andre var samde.

– Ja, det er veldig tilfeldig, men det gjekk ikkje heilt som forventa, seier Vilde.

Uansett poengsum er det i alle fall ein ungdomsskule dei tre vil gjere det betre enn.

– Bergmo, seier det tre samstemt og ler.

Høyr spørsmåla Bekkevoll fekk her:

Terminliste for Klassequizen i Møre og Romsdal 2016

Dato

Skole

Sendetidspunkt

Poeng

06.januar

Valderøy ungdomsskule

Ettermiddagssendingen

10

07.januar

Sykkylven ungdomsskule

Ettermiddagssendingen

10

11.januar

Hareid ungdomsskule

Ettermiddagssendingen

7

12.januar

Sæbø skule

Ettermiddagssendingen

9

13.januar

Bekkevoll ungdomsskole

Ettermiddagssendingen

5

14.januar

Bergmo ungdomsskole

Ettermiddagssendingen

9

18.januar

Vatne ungdomsskule

Ettermiddagssendingen

5

19.januar

Brattvåg ungdomsskule

Ettermiddagssendingen

8

20.januar

Gossen barne- og ungdomsskole

Ettermiddagssendingen

8

21.januar

Hustad barne- og ungdomsskole

Ettermiddagssendingen

10

25.januar

Åfarnes skole

Ettermiddagssendingen

8

26.januar

Vågsetra barne- og ungdomsskole

Ettermiddagssendingen

5

27.januar

Eidsvåg skole

Ettermiddagssendingen

11

28.januar

Eresfjord barne- og ungdomsskole

Ettermiddagssendingen

5

1.februar

Nordlandet ungdomsskole

Ettermiddagssendingen

7

2.februar

Smøla ungdomsskole

Ettermiddagssendingen

10

3.februar

Frei ungdomsskole

Ettermiddagssendingen

7

4.februar

Tingvoll barne- og ungdomsskole

Ettermiddagssendingen

7

8.februar

Åheim barne- og ungdomsskule

Ettermiddagssendingen

9

9.februar

Myklebust ungdomsskule

Ettermiddagssendingen

8

10.februar

Møre ungdomsskule

Ettermiddagssendingen

9

11.februar

Stordal skule

Ettermiddagssendingen

10

15.februar

Skodje ungdomsskule

Ettermiddagssendingen

9

16.februar

Helland skule

Ettermiddagssendingen

11

17.februar

Stokksund skule

Ettermiddagssendingen

7

18.februar

Ytre Herøy ungdomsskule

Ettermiddagssendingen

8

29.februar

Straumsnes skole

Ettermiddagssendingen

10

1.mars

Halsa barne- og ungdomsskole

Ettermiddagssendingen

9

2.mars

Surnadal ungdomsskule

Ettermiddagssendingen

9

3.mars

Rindal skole

Ettermiddagssendingen

10

7.mars

Ulstein ungdomsskule

Ettermiddagssendingen

9

8.mars

Gursken barne- og ungdomsskule

Ettermiddagssendingen

9

9.mars

Valldal skule

Ettermiddagssendingen

9

10.mars

Eidsdal skule

Ettermiddagssendingen

8

Siste video/lyd

Avisene bur seg på nok ei helg der folk ikkje får avisa si.
Tidens Krav i Kristiansund set inn ekstratiltak for å kunne å nå ut til alle med laurdagsavisa.
Arbeidsledigheten blant ingeniørene mer en doblet i Møre og Romsdal på ett år.
Skoleelever slår til med annerledes julekalender. Det handler ikke om å få, men å gi til de som trenger det.