Hopp til innhold

Beit tenestemann

Heller ikkje denne helga har politiet i Møre og Romsdal vore arbeidsledige. Her er politiloggen natt til søndag.

Politibil

FYLL OG FANTERI: Politiet i Møre og Romsdal hadde nok å halde styr på denne varme sommernatta.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

For politiet i Sunnmøre politidistrikt har den varme sommarnatta vore prega av mykje fyll og ordensforstyrring.

Klokka 00.21 beslagla politiet i Ørsta ei mindre mengd narkotika hos ei kvinne i førtiåra, busett i Ørsta.

Beit tenestemann

Klokka 00.00 måtte politiet i Ålesund rykke ut til Ålesund sentrum for å arrestere ein mann i midten av tjueåra som hadde plaga og sjenert tilfeldig forbipasserande. Men det skulle vise seg å bli lettare sagt enn gjort.

Under pågripinga beit mannen ein tenestemann i tillegg til at han fleire gonga spytta etter tenestemennene som arresterte han. Vedkommande får nok ein dårleg start på søndagen når han vaknar opp i arresten. Melding blir oppretta.

Om lag tre kvarter seinare måtte politiet i Ålesund ta seg av ei rusa kvinne i Ålesund sentrum. Ho måtte også få hjelp av ambulansepersonell ettersom ho hadde skada seg i eit fall.

Klokka 02.16 måtte politiet i Ålesund hjelpe til då ein uønskt gjest laga kvalme ovanfor tilsette og andre gjester ved ein skjenkestad i Ålesund. Mannen blei fjerna frå staden og blei meldt av vaktene på skjenkestaden.

I dei seine nattetimane stoppa politiet i Ålesund ein bil for kontroll og oppdaga sju personar i ein bil som berre hadde sitteplassar til tre. Patruljen oppretta melding mot føraren av bilen.

Feststøy

Også i Ørsta og Volda fekk politiet nok å halde orden på. Litt før klokka to fekk politiet melding om ein livlaus person utanfor ein skjenkestad i Ørsta.

Det viste seg at vedkomande hadde blitt trøytt av den lange dagen og sov tungt. Personen blei henta av kjende og køyrt heim.

Klokka 02.58 måtte politiet avslutte ein privat fest i Ørsta etter gjentatte klager på støy. Festdeltakarane blei vist bort frå staden.

Klokka 03.27 var det Volda sin tur. Då fekk politiet fleire midlingar frå asylmottaket i Volda om ein rusa og kranglevoren person som hadde tatt seg inn i lokalet. Vedkomande var sterkt rusa og blir meldt for ordensforstyrring.

Søkte etter båt

Klokka 01.19 blei det sett i gong eit søk etter ein mogleg grunnstøtt båt i Herøy etter at vitne hadde høyrt eit smell i området Nautøya – Ryssevika. Ambulansebåt og redningsskøyta blei sett inn i søket, men tjukk tåke i området gjorde søket vanskeleg.

Tåka letta etter kvart og området kunne grundig søkjast gjennom. Det blei ikkje gjort noko funn og søket blei innstilt klokka 03.45.

skjermdump
Foto: skjermdump

Brann i søppelbøtte

Politiet i Nordmøre og Romsdal politidistrikt hadde heller ikkje ein roleg kveld. Klokka 00.52 blei ei søppelbøtte påtent ved Nordlandet ungdomsskule, KSU. To personar blei observert springe frå staden. Politiet søker etter dei to gjerningsmennene.

Fyll

Klokka 01.24 blir ein mann i Molde sentrum meldt for drikking på offentleg stad.

Eit lite minutt seinare blir ein vakt på Løkka i Molde tatt kvelartak på og forsøkt slått av ein kvinneleg gjest. Ho blir meldt for forholdet.

Redningsaksjon

Klokka 02.33 blir fire personar frakta til sjukehus i ambulanse etter ei trafikkulukke på Wilhelm Dalls veg i Kristiansund. Alle var bevisste og brakt ut av bilane.

Søndag morgon opplyser Helse Møre og Romsdal at dei fire personane som blei sendt til sjukehus etter ei trafikkulukka fekk brot og sårskadar. Tilstanden er no stabil for alle fire. Det var tre menn og ei ung kvinne involvert i ulukka.

Om lag ein time seinare blir det sett i verk ein redningsaksjon og søk etter ei kvinne som hadde kome bort frå følgje sitt på eit festarrangement i Aure. Ho blei funnen i grei form klokka 05.35.

Litt etter klokka halv fem måtte politiet sette i gong ein redningsaksjon etter at dei tok imot meldingar om at ein båt hadde krasja i ein fjellvegg.

Mannen blei funnen i god behald ved ei brygge, men var rusa. Han vil bli sikta for promillekøyring med båt i Bafjorden i Averøy. Mannen vil bli framstilt for blodprøvetaking.