Hopp til innhold

Beit ein politistudent i foten

Ein mann frå Sunnmøre er dømt til 24 dagar i fengsel for vald mot ein offentleg tenestemann. Det var i juni i fjor at mannen i slutten av 40-åra var valdeleg mot ein politibetjent under ein arrestasjon. Mannen beit også ein politistudent i foten då dei kom til politistasjonen i Ålesund. Mannen blir dømt til å betale sakskostnadane på 1000 kroner.