NRK Meny
Normal

Beinharde tider for helseføretaket

Styremøtet i Helse Møre og Romsdal er i gang, og det kan du følge her. Administrerande direktør i helseføretaket, Espen Remme er klar på at det må gjerast store innsparingar i føretaket.

Styremøte Helse Møre og Romsdal

Det er beinharde tider for Helse Møre og Romsdal. I dag er styret samla til møte.

Foto: Remi Sagen / NRK

I dag er det styremøte i Helse Møre og Romsdal. Administrerande direktør Espen Remme har ei klar melding til styremedlemmene: Her må kostnadene ned.

– Det vi fokuserer på no er å legge ein tydeleg tiltaksplan på å ta vekk det forbruket som ikkje omfattar direkte pasientbehandling, seier han.

Følg styremøtet i Helse Møre og Romsdal her!

Store kutt

Under onsdagens møte vil Remme legge fram ein tiltaksplan som går ut på å kutte kostnader på område som innkjøp, innleige og driftskostnader på område som ikkje er direkte knytt til pasientane.

Espen Remme

Espen Remme legg fram eit stram tiltaksplan onsdag.

Foto: NRK

– Kan ein risikere at prosessen med eit nytt sjukehus på Hjelset stoppar opp eller at bremsene blir sett på?

– Vi har ein klar ambisjon om å køyre etter den tidsplanen som ligg for det nye fellesjukehuset for Nordmøre og Romsdal og det polikliniske tilbodet i Kristiansund, seier Remme.

– Så vi jobbar i det lengste for at den tidsplanen blir heldt, held han fram.