Hopp til innhold

Spreier gift for å berge livet i elva

Rotenonbehandlinga av elva Rauma er i full gang. Gifta skal gje lakseelva nytt liv.

Rotenon Rauma

Her blir gifta rotenon spreidd i elva Rauma. Trollveggen i bakgrunnen.

Foto: Pressefoto / Miljødirektoratet

Langs store deler av elva Rauma blir det no sprøyta gift i vatnet. Gifta Rotenon drep all fisk og alle andre gjellepustande organismar. Målet er å overvinne parasitten Gyrodactylus salaris. I snart 40 år har parasitten plaga livet av laksen i 48 norske elvar.

Rauma og dei sju andre vassdraga inst i Romsdal er blant desse elvane som er infiserte av parasitten. Og det har vore gjort fleire forsøk på å fjerne han, utan å lukkast.

Etter fleire forsøk er kunnskapen blitt betre. No blir giftbehandlinga gjennomført meir grundig, og alle involverte vonar dei skal lukkast denne gongen.

Aslak Sjursen og Jo Vegar Arnekleiv frå NTNU Vitenskapsmuseet leiter etter døde bunndyr

Aslak Sjursen og Jo Vegar Arnekleiv frå NTNU Vitenskapsmuseet leitar etter døde botndyr. Dei studerer følgjene av rotenonbehandlinga.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Samlar daud fisk

Langs elvebreidden går ei rekkje personar og sankar saman fisk og andre dyr som gifta har teke knekken på. Vidar Skiri har vore med og leita etter død fisk i ei strekning på om lag 2 kilometer.

– Vi har funne ein del aure. Vi har også funne ein oppdrettslaks og ein smålaks, fortel Vidar Skiri.

– De har funne aure også?

– Ja, desse har kome frå området ovanfor der elva er blitt behandla med rotenon, seier han og viser fram dei små fiskane.

Vidar Skiri

Vidar Skiri registrerer at gifta rotenon ser ut til å virke.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK

Store mengder gift

Måndag klokka 7.30 byrja den første giftutsprøytinga i Rauma. Då blei det sprøyta ut gift ved Slettafossen. Ved morgontimane torsdag skal gifta ha følgt elva heilt ned til utløpet på Åndalsnes.

Den første timen blei det slept ut 120 liter rotenon. Deretter blei det sprøyta ut 65 liter kvar time i åtte timar. Deretter blei det sprøytt ut gift på eitt punkt til i elva. Dagen etter blei dette gjenteke.

– Gifta ser ut til å virke. Vi har registrert fleire døde fiskar nedover i elva, seier Skiri.

– Vonar det lukkast

Grunneigarane i området vonar at rotenonbehandlinga skal lukkast denne gongen. Når elva er fri for parasitten skal laksebestanden byggast opp att.

– No må vi tru at dette snur og at vi lukkast, seier grunneigar Per Bersås.

Studerer verknadene

Det er ikkje berre fisk som blir plukka opp frå elva. To forskarar frå NTNU i Trondheim er også ved elvekanten for å studere verknadene av rotenonbruken i elva. Dei er først og fremst interessert i å studere botndyra i elva.

– Vi ser at fleire av artane er i ferd med å døy på grunn av gifta. Og så ser vi at nokre av dyra toler gifta, seier forskar Jo Vegar Arnekleiv.

Døgnfluger, steinfluger, vårfluger, knott og hårbørstemark skal, følgje forskarane, vere blant artane som forskarane konsentrerer seg om.

– Det er ikkje alle artane som døyr av gifta. Det er stor variasjon. Mange artar overlever, seier Arnekleiv.

Forskarane har følgt med på situasjonen i elva over fleire år. Dei seier at mykje av botndyra etablerte seg igjen i elva etter dei tidlegare behandlingane.

– Vi er rimeleg sikre på at rotenonen fører til mellombels skadar. Vi kan ikkje vere heilt sikre på det. Men så langt som vi ser er skadane mellombels, seier r Arnekleiv.

Onsdag starta andre gongs behandling av elva Rauma og dei sju andre vassdraga i Rauma kommune med gifta rotenon. Fjorårets behandling blir no gjentatt for å fjerne lakseparasitten som i mange tiår har øydelagt lakseelvane.

Motstandar er optimist

Rotenonbehandling er og har vore kontroversielt. Ein av motstandarane mot bruk av rotenon er jeger og fiskar Bjarne Kylling.

– Eg har vore kritisk til dette. Vi fekk ikkje skikkelege svar på kor lenge dette skulle ta. Ekspertane trudde det skulle vere nok med éi behandling. Det viste seg å ikkje vere riktig. Men vi får vone at dei lukkast no, seier Kylling.

– Betyr det at du er optimist no?

– Ja, det er eg. Vi får inderleg vone at dei lukkast no. Dei har vel fått meir erfaring. Vi treng at elva Rauma blir frisk att, seier han.