Hopp til innhold

Behandlar ikkje reguleringssak

Nye Molde kommunestyre får ikkje behandle den omstridde reguleringssaka i Raudsand i Nesset i dag. Det skjer etter at dei som foreslo saka trekte den frå sakslista. Ordførar Torgeir Dahl (H) meiner det uansett ville vore eit svært dårleg tidspunkt å behandle saka no. – Vi har ikkje fullmakt eller kompetanse på dette tidspunktet til å behandle noko som gjeld Nesset kommune. Kommunelova er tydeleg på at vi i det nye kommunestyret ikkje kan behandle noko som gjeld Nesset før 01.01 neste år, seier Dahl. Han vektlegg at kommunestyret vil måtte behandla saka seinare. SVs Bjørn Jakobsen tok saka opp i spørjetimen i dag, og meiner det er viktig at kommunen diskuterer reguleringssaka i Raudsand.

Ordførar i Molde, Torgeir Dahl
Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL