Begge lag vidare i VM

Både det norske damelandslaget og herrelandslaget kapra førsteplassen i gruppespelet, og er vidare i VM i undervassrugby Colombia. – Me gler oss til å starte finalespelet, seier Cecilie Skåre.

Undervannsrugby

VIDARE: Både damelandslaget og herrelandslaget er vidare i VM, og skal spele semifinalar.

Foto: THE NORWEGIAN NATIONAL UNDERWATER RUGBY TEAMS

– Me har trua på gull, men me veit det blir tøft fram mot finalen, seier spelar og trenar, Cecilie Skåre.

Klare for semifinalar

Kampen mot Tyskland var den første kampen, og kanskje også den tøffaste damene har spelt i VM i Colombia. Laget låg mykje i forsvar, og kampen vann dei 2–1.

Cecilie Skåre

SJØLVTILLIT: Etter siger mot Tyskland fekk damelaget sjølvtillit, seier trenar og spelar Cecilie Skåre.

– Me håpa på siger mot Tyskland, men me tok det ikkje for gitt og me visste at det ville bli ein tøff kamp. Me har slått ein av våre tøffaste motstandarar, og det gir oss god sjølvtillit, seier Skåre.

Mot USA vart resultatet 27-0, og mot Danmark enda kampen 11–0. Ålesundar Cecilie Skåre, og Mari Bratteteig frå Molde er begge spelande trenarar, og er klare for semifinalar.

Damelandslaget i undervannsrugby

SAMANSPLEISA: Damelaget er ein samanspleisa gjeng.

Foto: Norges Dykkerforbund

– Me tar ein kamp om gongen, og brukar tida mellom kampane til å halde oss vekke frå sola og til å kvile mest mogeleg. Varmen er ei utfordring for oss, seier Bratteteig.

Kven dei møter i semifinale får dei vite når kampen mellom Sverige og Colombia er over.

Det er eit veldig jamt nivå på dei fem beste laga, og me kjem garantert til å møte ein gullkonkurrent i semifinalen, seier Bratteteig.

Saka held fram under biletet.

Damelandslaget i undervassrugby

DAMELAGET: Det norske damelandslaget i undervassrugby. Bak frå venstre: Tove Margrethe Håland, Siri Korsbrekke, Brita Blørstad, Mari Bratteteig, Gerd Anne Solibakke, Amanda Barsten, Runa Lind Rong, Cecilie Skåre. Nedst frå venstre: Indina Smith, Kathrine Rasch Moyo, Stine Røsok Dahl, Carina Magnussen, Kjellaug Hurlen, Hedda Døli og Berit Detlie.

Foto: The Norwegian national underwater rugby teams

Tatt imot som stjerner

Både herrelaget og damelaget tok gull i VM i Finland i 2011, og Skåre og Bratteteig seier stemninga under verdsmeisterskapen har vore god.

Opningsseremoni Colombia 2015

OPNING: På opninga vart Noreg godt tatt imot.

Foto: The Norwegian national underwater rugby teams

– Me er ein samanspleisa gjeng og innanfor laget er det god stemning. Opningsseremonien var spektakulær, og ei ny oppleving for mange av oss. Tribunane var fulle, seier Bratteteig.

– Colombianarane er flinke til å skape liv. Me blir behandla som stjerner av arrangørane og lokalbefolkninga, og det er eit stort pressekorps her, seier ho.

– Herleg å komme i gang

Match under VM i undervassrugby i Cali, Colombia

KAMP: Her er herrane rett etter utlikning ved Jermund Hoem under innleiande kamp mellom Noreg og Colombia.

Foto: The Norwegian national underwater rugby teams

Herrane har hatt gode kampar, og slo Colombia, som har vore den tøffaste motstandaren, heile 2–1. Det norske laget låg først under med eit mål.

– Det beste til no var den sigeren. Å skåre to mål etter å ligge under med eit mål var stort, for me lét ikkje målet imot øydelegge for oss, seier keeper Marius Bunæs frå Oslo.

– Høgt trykk frå Noreg gjorde at motstandarane rakna. Colombianarane er truleg ein av dei største favorittane i tillegg til Noreg, seier spelar Erik Maastad frå Lørenskog.

Herrelandslaget i undervassrugby

KAMP: Dei norske spelarane sine innbytarar under kamp.

Foto: GUILLERMO GUTIERREZ

Kampen mot Australia enda 34-0, og i kvartfinale mot Canada enda kampen 30–0. I semifinalen torsdag møter herrane Sverige.

– Det var herleg å komme i gang med meisterskapen, for me har førebudd oss godt gjennom heile sesongen, seier Bunæs.

Herrelandslaget i undervassrugby

HERRELAGET: Det norske herrelandslaget i undervassrugby. Bak frå venstre: Øyvind Nyhus, Jon Reidar Heggdal, Bård-Inge Pettersen, Jermund Hoem, Jørgen Nyhus Ulvestad, Iver Bjørnerem, Trond-Helge Lillevik, Erik Maastad, Haakon Walderhaug. Frå venstre nedst: Geir Magne Strand, Marius Skåre, Jasmin Dervisevic, Marius Bunæs, Håkon Emil Helland Sæstad og Fritz Eilertsen.

Foto: Thea Amundsen

SJÅ GRAFIKK:

Denne grafikken forklarer hvordan man spiller undervannsrugby.

SJÅ OGSÅ:

Noen synes undervannsrugby er en merkelig idrett, men spillerne på Moldes kvinnelag er seriøse og hardtarbeidende. Alle har et brennende ønske om å ta gull i Champions Cup, rugbyens mesterliga. Men når de endelig kommer til finalen møter jentene tøff motstand i en svært dramatisk kamp. (5:5)

Siste video/lyd

Avisene bur seg på nok ei helg der folk ikkje får avisa si.
Tidens Krav i Kristiansund set inn ekstratiltak for å kunne å nå ut til alle med laurdagsavisa.
Arbeidsledigheten blant ingeniørene mer en doblet i Møre og Romsdal på ett år.
Skoleelever slår til med annerledes julekalender. Det handler ikke om å få, men å gi til de som trenger det.