Hopp til innhold

Begge ankar etter gruppevaldtektssaka

Begge dei to som er dømde for grov valdtekt og medvirkning til valdtekt av ei jente under 14 år i Molde, ankar dommen.

Ein 19 år gamal mann blei dømd til fengsel i 5 år, ein 18-åring til 5 1/2 år.

Forsvarar for 19-åringen, Axel Lange, seier han er usamd i dommen og vurderingane til retten, men ønskjer ikkje å utdjupe dette. Frå før er det kjent at også 18-åringen ankar.

Valdtekta skjedde utanfor Molde domkyrkje i fjor sommar, midt på dagen.

Ein gutegjeng på fem var på ulike måtar involvert, men dei tre yngste var for unge til å dømmast.

Ankesaka går for Frostating lagmannsrett i august.

Molde Domkirke

Unge menn dømde til fengsel i 5 og 5,5 år etter valdtekt av jente under 14 år

Begge dei to unge mennene nektar for at den unge jenta blei valdtatt utanfor Molde domkyrkje. Retten trur ikkje dei snakkar sant.