Hopp til innhold

Bedriftene skal vere med og gjere vegane tryggare

Transporten av last på tunge køyretøy skal bli tryggare.

kjetting på tungt kjøretøy

I tillegg til lasting er tilstanden på dekk og kjettingar i fokus.

Foto: Statens vegvesen

Ikkje meir, ikkje mindre, det er målet til eit nytt prosjekt som Vegvesenet drar i gang.

«Trygg Trailer» heiter det landsomfattande prosjektet, og hos oss er det Kjell Johansen som er regional koordinator i Vegvesenet.

– Vi skal dra inn transportkjøpar meir i dette med sikring av last, sjekke at bilane har skikkelege dekk, at dei har med seg kjettingar, kort sagt involvere dei meir.

Samarbeid mellom bedrifter og Vegvesenet

Nasjonalt er det omlag 150 bedrifter som er med på prosjektet, og i Møre og Romsdal mellom 15 og 20. Bedriftene inngår eit samarbeid med Vegvesenet for å sikre at varene frå bedriftene blir tryggare.

Når bedriftene finn ut at utrustinga er for dårleg, kan dei nekte last og melde frå til transportøren at det ikkje er ønskjeleg med slike vogntog. Vegvesenet kan tilby opplæring om kva dei skal sjå etter og retningsliner for kva dei skal gjere viss dei kjem over køyretøy dei ikkje vil godta.

I dag set Johansen kursen til Pharma Marine i Haram. Det er ei bedrift som eksporterer fiskeolje, og som brukar mange utanlandske transportørar.

– Vi skal gi dei nokre enkle tips om kva dei kan sjå etter. Og det som er veldig kjekt er å møte slike motiverte bedrifter og tilsette, som har fokus på nærmiljøet sitt og trafikktryggleik i praksis.

1000 køyretøy kvar dag

Koordinatoren seier at situasjonen blir betre og betre når det gjeld både dekk- og kjettingbruk. Men vinteren er på veg med ei utfordringane den inneber.

Kjell Johansen, koordinatr for Trygg Trailer

Kjell Johansen er regional koordinator for prosjektet.

Foto: Roar Strøm / NRK

– Vi veit erfaringsmessig at vinteren kan vere eit problem, men prøver no å førebygge så godt som råd, ved hjelp av bedriftene.

Hovudfokuset i dag er dekk, fordi kvalliteten på dei har så mykje å seie for trafikktryggleiken.

– Inn og ut av fylket går det omlag 1000 større køyretøy kvar einaste dag. Det inneber stor trafikk på mange krevande vegar. Då er det klart at stopplengde til dømes er svært viktig.

– Det er farleg!

Johansen meiner det går greit å samarbeide også med utanlandske transportselskap.

– Faste utanlandske sjåførar og selskap ligg ikkje noko tilbake for dei norske. Problemet er dei som berre er her ein sjeldan gong. Der kan det nok skorte på utstyret nokre gongar.

Han rosar dei mange vogntogsjåførane som gjer ein god jobb og som er stolte av jobben sin. Men som i dei fleste jobbar er konsentrasjon eit stikkord. Han brukar å ha med seg eit lite råd om å bruke sunn fornuft til dei sjåførane som dagleg er ute på vegane våre.

– Heller ikkje dei røynde sjåførane må tenke at «eg skal berre» eller «det går sikkert bra». Slike tankar er farlege!

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL