Hopp til innhold

Brannvesenet har ikkje båt - Øyfolket må lære å sløkke brann sjølv

Det kan ta ein time før brannvesenet kjem seg til Ona. – Eg føler ikkje at vi er gode nok på å sløkke brann, seier innbyggjar Knut Bjørnar Sørmoen.

Innbyggjarar og hyttefolk på Ona og Husøya fekk kurs i brannsløkking. Her prøver eoi kvinne å sløkke flammar med eit brannapparat

Hyttefolk og fastbuande på Ona har hatt brannkurs og lært seg å bruke brannsløkkingsapparatet.

Foto: Roar Strøm / NRK

Dei sjarmerande trehusa på Ona og Husøya på Romsdalskysten står tett i tett. Her i havgapet er det sjeldan vindstille og det kan bli katastrofalt.

– Startar det å brenne i eitt hus kan alt brenne ned. Det er berre ein meter mellom husa her vi står, seier Knut Bjørnar Sørmoen.

Han er leiar i velforeininga. Øysamfunnet har berre 16 fastbuande, men i helger og feriar er det mange hyttefolk og turistar. No får dei eit stort ansvar for brannberedskapen.

Husa på Ona med ferja i bakgrunnen

Husa på Ona og Husøya står tett og difor er øysamfunnet svært utsett ved ein brann.

Foto: Roar Strøm / NRK

La ned beredskapsbåten

Folket på øya må sjølv starte førsteinnsatsen, for det kan ta opp mot ein time før brannmannskap er på plass.

Brannvesenet har nemleg ikkje eigen brannbåt og akkurat no har ikkje Ålesund kommune ein plan for korleis dei skal frakte mannskapet ut på øya.

– Det er uavklart om vi skal få tak i næraste, tilgjengelege båt, rekvirere ferja eller vente på ein ambulansebåt. Det tar lengre tid enn før. Beredskapen er svekka, seier Sondre Lervik, som er røykdykkar ved Steinshamn brannstasjon.

For kort tid sidan blei ambulansebåten Øyvon brukt som beredskapsbåt, men no er denne erstatta med ein mindre båt som ligg i nabokommunen.

– Vi må bruke tid på å finne ut kva som er tilgjengeleg av båtar under utrykking i staden for at båten ligg klar, seier Lervik.

Brannvesenet i Ålesund heldt brannsløkkingskurs for dei som har hus på Ona og Husøya

Fastbuande og hyttefolk får innføring i korleis brannutstyret på øya verkar.

Brannvesenet i Ålesund heldt brannsløkkingskurs for dei som har hus på Ona og Husøya. Her står ein brannmann og spyler med slange.

Brannmannskap frå Steinshamna kan bruke opp mot ein time før dei kjem seg til Ona

Brannvesenet i Ålesund heldt brannsløkkingskurs for dei som har hus på Ona og Husøya

I tillegg til å arrangere kurs, skal det også lagast informasjonsbrosjyre til dei som har hus på Ona.

Her får to bebuarar opplæring frå brannvesenet på Ona og Husøya

Ona har sin eigen brannbil, som fire på Ona har eit ansvar for.

Får opplæring

For å betre branntryggleiken på øyane får innbyggjarane difor kurs. Rundt 50 fastbuande og hyttefolk fekk prøve brannsløkkingsapparat og blei vist korleis brannslangar og anna utstyr fungerar.

Fire personar på øya har fått eit ekstra ansvar for branndepotet.

Ein av dei er Knut Bjørnar Sørmoen. Han føler seg slett ikkje klar til å sløkke ein brann før han har øvd og repetert meir.

– Vi lærer oss å bruke bilen og få ut slangane, men det er så mykje rundt det. Eg kan ikkje seie at vi føler oss gode nok, seier Sørmoen.

Dei fire med ekstraansvar går ikkje inn i ei vaktordning og i verste fall kan alle vere bortreist samstundes. Då må andre også vite kva dei skal gjere.

Knut Bjørnar Sørmoen er ein av fire som har ansvar for branndepoet på Ona. Her lærer han seg å handtere brannslangen.

Knut Bjørnar Sørmoen er ein av fire som har ansvar for branndepoet på Ona.

Foto: Roar Strøm / NRK

Er bekymra

Alle bustader er utstyrte med røykvarslarar og innbyggjarane får brosjyrar.

Liv Anne Øverås er glad for alle førebyggande tiltak, men slår seg likevel ikkje til ro med det.

– Når eg ser at dei ikkje ein gong har sikra båt til å komme ut hit, er det klart at vi er svært bekymra, seier Øverås.

Les også Legen vil at sjuke eldre skal flytte herifrå om vinteren

Ona fyr

Kan bruke redningshelikopter

Konstituert brannsjef ved Ålesund brannvesen, Sindre Egeness

Konstituert brannsjef i Ålesund kommune, Sindre Egeness, seier at det er så langt til Ona at det uansett er viktig at innbyggjarane startar sløkkinga sjølv.

Foto: Remi Sagen / NRK

Konstituert brannsjef i Ålesund kommune, Sindre Egeness, seier at dei jobbar med å få på plass ei løysing, og er både i dialog med privat båteigar og andre brannstasjonar som har båt.

– Vi har full forståing for at folk er bekymra og er samde i at den løysinga vi har i dag ikkje er god nok, seier Egeness. Han understrekar at brannvesen frå andre plassar også er pliktige til å hjelpe til dersom det brenn, og at det også kan settast inn redningshelikopter dersom veret tillet det.

– Det er viktig at dei lokale startar førsteinnsatsen, for det tar lang tid å kome til Ona uavhengig om vi har avtale med båt, seier Egeness.

Husa på Ona står tett i tett

Det er om lag 80 hus i det vesle øysamfunnet. Mange av husa er fritidsbustader.

Foto: Roar Strøm