Båtvelt i Sula

Fire ungdomar som var om bord, slapp uskadde frå det då småbåten dei sat i gjekk rundt ved Langevågsholmane i Sula i natt.
Dei fire fekk assistanse av andre båtar til å kome seg opp av sjøen. Ungdommane blei undersøkte av helsepersonell som kom til, og bortsett frå at dei var kalde og våte, kom dei altså uskadde frå hendinga.