Sunnmøre politidistrikt melde fredag kveld at ein båt hadde blitt stole frå Langevåg i Sula. Den rusa båttyven køyrde så opp i fjøra på Grimstadholmen i Ellingsøyfjorden.
Før politiet kom fram hadde tjuven allereie kome seg på nordsida av Ålesund med båten. Han oppdaga at politiet var etter han, og stakk difor vidare nordover mellom Vigra og Lepsøya.
Båten, som var ein Nordkapp Bowrider på om lag 17 fot, vart sist sett på veg sørover forbi Erkna og Godøya mot Ulstein.
- Les også:
Funnen i Ulsteinvik
Laurdag ettermiddag fann politiet både båten og tjuven i Ulsteinvik. I tillegg fann politiet ei mengde narkotika.
Den sovande båttjuven vart tatt hand om av politiet.
I båten fann politiet også ein rekke andre verdisaker, og Sunnmøre politidistrikt etterlyser no eigaren av tjuvegodset.