NRK Meny
Normal

Båtkontrollar utanfor Kristiansund

Politiet vil ha ei trygg festivalhelg.

KV "Njord"

KV 'Njord' skal assistere Politiet med kontrollar i helga.

Foto: Kystvakta

Vermeldingane er ikkje dei beste, men Politiet og Kystvakta vil likevel vere på plass utanfor Kristiansund for å sikre tryggleiken til sjøs.

Assistere

Frå i kveld vil Kystvaktskipet KV Njord assistere Politiet med kontrollar, fortel kaptein Kenneth Dahl.

– Vi skal assistere politiet med lettbåtar for å drive førebyggande kontroll under Tahitifestivalen.

Naudsynt med kontrollar

Erfaringar syner at slike kontrollar er naudsynte seier Pål Greger i Politiet.

– Det har dessverre vore ein del promille til sjøs i helgene tidlegare i sommar.

Politiet ynskjer å fokusere på at dei sjøreisande i alle fall har ein edru båtførar. Dei reknar med at det vert ekstra stor trafikk på sjøen i festivalhelga.