Båteigar funnen død utanfor Smøla

Like før klokka 18.00 onsdag kveld fann politiet ein mann i sjøen ved Edøya utanfor Smøla. Ifølgje politiet har mannen drukna.

Laster kart, vennligst vent...

Ein mann blei funnen i sjøen ved Edøya, like utanfor Smøla onsdag kveld.

Klokka 17.44 rykte politiet ut med ambulansebåt og politi til Edøya etter meldingar om ein mann i sjøen.

Mannen vart raskt henta opp av ambulansebåtpersonellet, men livet stod ikkje til å redde. Mannen vart stadfest død på staden.

Har truleg ligge lenge i sjøen

Leif Einar Bergem-Ohr, operasjonsleiar ved Nordmøre og Romsdal politidistrikt seier til NRK.no at mannen truleg har ligge i sjøen i nokre timar.

– Etterforskinga tyder på at mannen kan ha falle i sjøen då han prøvde å få tang ut av propellen på båten, seier han.

Det var familiemedlemmer av mannen som observerte at han låg i vatnet.

Ulukka skal ha skjedd ved ei brygge i nærleiken av der mannen budde.

Ifølgje Bergem-Ohr er det ikkje mistanke om noko mistenkeleg.

– Det er så langt ingenting som tydar på at det er noko anna enn ei ulukke, seier operasjonsleiaren til NRK.no.

Mannen er identifisert, og pårørande er varsla.

Siste video/lyd

Norges jeger- og fiskerforbund ber kommunane ta ansvar - når Statskog sel seg ut av Møre og Romsdal. Forbundet vil at kommunane skal kjøpe eigedomane for å sikre at folk flest framleis kan jakte.
Alle naudetatane har vore på skulebenken i Molde. Samarbeid er fokus, og i dag var tid for å teste det dei hadde lært.
Snøen kom overraskande på mange denne veka. I Ålesund har kommunen avslutta brøyteberedskapen for sesongen. Det har mellom anna ført til ekstra ventetid for å rydde småvegane. Andre igjen - skor seg på dette.