Det var dramatiske minutt i Skarbøvika i Ålesund natt til søndag.
Det braut ut brann i ein seglbåt i Skarbøvika i 04-tida. Brannen spreidde seg til to andre båtar.
Naudetatane rykte ut.
Rusa folk forstyrra naudetatane
Tre rusa personar var på brannstaden, og naudetatane vart forstyrra i arbeidet. Dei fekk klar melding frå ordensmakta om å forlate staden.
Den eine av dei, ein mann i førtiåra, nekta å rette seg etter pålegget. Av politiet blir han karakterisert som plagsam.
– Han oppførte seg på ein slik måte at vi måtte ta han med oss og sette han i arresten, seier John Bratland i politiet.
– Kan dei rusa folka ha hatt noko med brannen å gjere?
– Ingen ting tyder på det, seier operasjonsleiar John Bratland i Sunnmøre politidistrikt til NRK Møre og Romsdal.
– Det var truleg ingen folk i båtane då brannen braut ut, seier han.
Mykje røyk i området
Klokka 4.36 melde politiet at brannen var sløkt. Det var mykje røyk i området, men ingen bebuarar vart evakuerte.
Etterforskar saka
Tre båtar er utbrende, og minst to båtar er varmeskadde.
Politiet i Ålesund etterforskar saka. Utover søndagen skal dei arbeide med å prøve å finne årsaka til brannen.