Hopp til innhold

Kapteinen sovnet og båt gikk på grunn

–Kapeinen har erkjent at han sovnet, fortel operasjonsleiar Leif Bergem-Ohr til Rbnett laurdag kveld.

Tinganes

Mudringsbåten frå Færøyane var på veg til Vistdalen då han gjekk på grunn på Nesjestranda (her fotografert ved eit tidlegare høve).

Foto: Brunsvika.net

Ein 50 meter lang mudringsbåt frå Færøyane gikk laurdag på grunn på Nesjestranda i Molde.

– Mannskapet følgde ikkje med slik dei skulle, dermed gjekk båten på grunn, opplyser operasjonsleiar i Nordmøre og Romsdal politidistrikt, Sigvart Sivertsen, til NRK.

Politiet rykte ut saman med redningsskøyta då dei fekk telefon frå ein nabo som såg ein stor båt i fjøra.

Ventar på flo sjø

Ifølgje politiet er det fire personar om bord i båten, og alle er uskadde.

– Politiet kunne gå tørrskodd frå land og om bord i båten, fortel operasjonsleiar Sigvart Sivertsen.

Lastebåten er 50 meter lang og driv med mudring. Båten kom frå sør og skulle inn mot Vistdalen.

– No ventar dei på flo sjø for å prøve å kome seg av grunn på eiga hand, opplyser Sivertsen.

Dykkarar skal kontrollere båten

Då skal dei prøve å kome seg til Vestnes for å få båten kontrollert av dykkarar for å vere heilt sikre på at båten ikkje tek inn vatn.

– Vi har sikra oss nødvendige opplysningar og vi har samarbeidd med Sjøfartsdirektoratet, seier Sivertsen.

Politiet har ikkje mistanke om promille.