Hopp til innhold

Båt med seks om bord grunnstøytt på Hustadvika

Bulkbåten "Havbris" med eit mannskap på seks om bord har grunnstøytt ved skjeret Brakan på Hustadvika på Nordmøre. Like før klokka 08.30 var båten trekt av skjeret.

Bulkbåt på grunn

Bulkbåten ble trekt av skjeret like før klokka 0830.

Foto: RS Erik Bye

Saka blir oppdatert

Grunnstøytinga skjedde i 06.30-tida onsdag morgon.

Hovudredningssentralen opplyser at redningsskøyta Erik Bye kom fram til den grunnstøytte båten i 08-tida. Kystvaktskipet KV Njord og slepebåten BB Lifter frå firmaet Bukser og Berging kom også raskt til staden.

– Vi har ikkje meldingar om at båten tek inn sjø, seier Asbjørn Viste, vakthavande redningsleiar ved Hovudredningssentralen for Sør-Noreg.

Rett før klokka 08.30-tida stadfesta HRS at dei tre båtane hadde trekt bulkbåten av skjeret.

Fleire forlis på same stad

Det er ikkje første gong at båtane har fått problem i dette området. For fire år sidan forliste ein båt med mannskap på ni, men alle blei berga.

I desember i fjor måtte mannskapet på sju evakuerast med helikopter etter at ein stor fraktebåt grunnstøytte på same staden.

Onsdag formiddag var politiet ombord i "Havbris" for å snakke med mannskapet etter grunnstøytinga på Hustadvika.

Forlis Havbris forhør av mannskapet

Politiet snakka med mannskapet på sek etter at bulkbåten "Havbris" grunnstøytte onsdag morgon.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL