Hopp til innhold

Båt i naud i Midfjorden

Ein båt med tre personar om bord har vore i naud i Midfjorden, mellom Midsund og Haram. Båten på 28 fot fekk motorstopp og dreiv mot land på Midøya. Ein arbeidsbåt frå eit oppdrettsanlegg kom til for å hjelpe. – Ambulansebåten Norskyss skal slepe båten til Brattvåg, seier redningsleiar Ola Vaage ved Hovudredningssentralen i Sør-Noreg til NRK.

Midfjorden2