Hopp til innhold

Kartplottaren slutta å verke for mannen med nyinnkjøpt båt

Båtturen gjekk ikkje heilt som den skulle for mannen som nyleg hadde kjøpt passasjerbåten M/S Brakar.

Grunnstøting Hansøya Kristiansund

Båten skal ha gått på grunn då navigeringssystemet svikta.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Oppå eit skjer på Hansøya i Kristiansund står fritidsbåten bom fast i fjøre sjø.

– Det er som å sjå ein båt på land. Båten står tørt, for å seie det slik, seier overstyrmann Ronny Fidje på redningsskøyta Erik Bye.

Hovedredningssentralen fekk melding om båten som hadde gått på grunn utanfor Hansøya i Kristiansund i 07.30-tida, men uhellet skal ha skjedd natt til fredag.

Kartet svikta

Ifylgje politiet har båtføraren forklart at kartplottaren slutta å verke på båten han var ny eigar av.

Båtføraren var ikkje kjent i området og var i ferd med å finne oppankringsplass då han enda på grunna.

Han blei ikkje skadd i uhellet. No ventar han på flo, slik at han kan kome seg av skjeret. Mannen vil ikkje uttale seg til NRK.

Grunnstøting på Hansøya i Kristiansund

Først når det blir flo kan båten trekkast av skjeret.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Sjekk utstyret

Fedje i Redningsselskapet seier at å gå på grunn slik kan skje den beste. Havariet skjedde i eit sund med ein del skjær i.

Det er likevel ikkje daglegdags for Redningsselskapet å rykke ut til slike hendingar.

– At båtar går på grunn slik skjer ikkje så ofte, seier Fedje.

Han meiner det generelt er ein gjengangar at folk som kjøper seg båt ikkje sjekkar godt nok at alt er i orden. Og at dei i løpet av turen heim oppdagar at noko er feil.

Fedje oppmodar alle båteigarar om å ta ei grundig undersøking av båten før dei legg ut på tur og brukar tid på å gjere seg kjent med utstyret om bord.

Seinare fredag skal Redningsselskapet hjelpe båten av grunna.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL