NRK Meny
Normal

Bashar (29) letta over å snart få eit svar

Bashar Alshiekh (29) i Volda er ikkje lenger i tvil om at han får vere i Noreg. I fjor haust kom han syklande over den russiske grensa. Sidan har han venta på å få behandla søknaden sin, men onsdag snudde styresmaktene.

Bashar Alshiekh

VOLDA: Bashar Alshiekh er utdanna tannlege og kjem frå Damaskus i Syria. Han er ein av dei minst 850 asylsøkjarane som i lang tid har venta på ei avgjerd om framtida.

Foto: Privat

29-åringen i Volda hadde næraste gitt opp håpet om at norske styresmakter ville behandle asylsøknaden hans. Men onsdag kom pressemeldinga som snur situasjonen hans.

– Dette har gitt meg nytt håp. Dei siste par månadene miste eg heilt trua, og frykta at eg kom til å bli verande i denne umulege situasjonen i årevis, seier han.

Les også:

Har venta i eitt år

Tannlegen frå Damaskus i Syria er ein av dei minst 850 asylsøkjarane som i lang tid har venta på ei avgjerd om framtida. Han bur no på asylmottaket i Volda, mellom anna i lag med åtte andre i den same situasjonen.

Andre Eiksund, leiar for asylmottaket i Volda

Mottaksleiar Andre Eiksund meiner det er det einaste rette av Noreg å realitetsbehandle søknadene til syrarane som kom via Russland til Noreg i fjor haust.

Foto: Arne Flatin / NRK

– Dette er veldig flott, dei kan jo ikkje sitje i Noreg utan at nokon skal løfte ein finger. Dette er ein rettsstat verdig, seier mottaksleiar Andre Eiksund.

Etter påtrykk frå Politiets utlendingseining (PU) snudde Justisdepartementet tidlegare i veka. Dermed får asylsøkjarane realitetsbehandla søknadene sine.

Alshiekh trur han har ei god sak.

Eg er syrisk, flykta frå krigen, og har ingen stad å reise. Eg trur eg har ein god sjanse til å få bli, seier han.

Trur ikkje han flyttar tilbake

Sylvi Listhaug åpner Regjeringen sin nasjonale integreringskonferanse.

Innvandringsminister Sylvi Listhaug (Frp) snur og lar no alle asylsøkjarar som kom over norskegrensa få behandla asylsøknaden sin.

Foto: Pedersen, Terje / NTB scanpix

29-åringen seier han flykta nordover då han blei kalla inn til militæret. Ifølgje han betyr det i praksis å bli drepen sjølv, eller måtte drepe andre. Det ønskte han ikkje, forlet broren og foreldra og la på flukt til Russland.

No håper han å kunne stifte familie i Noreg og bli her. Nokon retur til Syria ser han ikkje for seg, sjølv om det er vanskeleg å seie kva som skjer i landet dei næraste åra.

Eg ønskjer å bli dersom eg har ei framtid her. Eg ønskjer berre eit heilt normalt liv, slik som alle andre, seier han.