Hopp til innhold

Basehopparen er henta ned

Basehopparen som omkom i eit hopp ved Trollveggen tysdag, er onsdag henta ned frå fjellveggen.

Redningshelikopter ved Trollveggen
Foto: Ole Johnny Amundsen

Tre klatrarar frå Romsdal alpine redningsgruppe tok seg fram til mannen og fekk sikra han før eit redningshelikopter flaug han ned frå fjellet.

Den omkomne er ein mann i 30-årsalderen frå Trondheim.

Døydde med det same

Mannen døydde då han trefte fjellet første gongen. Det har legen i redningshelikopteret slått fast etter at det blei teke bilete og video av hopparen, seier lensmann Frank Frilund i Rauma til NRK Møre og Romsdal. Lensmannen stadfester at mannen fall lenger ned i fjellveggen på grunn av vinden frå rotoren på helikopteret då dei prøvde å fire ned ein redningsmann.

- Hadde vi trudd at hopparen var i live, ville vi ikkje brukt denne metoden. Då ville vi i staden sendt opp klatrarar med førstehjelpsutstyr og mat og drikke, seier Frank Frilund.

Ulovleg hopping

Det har vore stilt spørsmål om dette hoppet var lovleg eller ikkje. I Trollveggen er basehopping ulovleg, men dette hoppet skjedde like ved Trollveggen. Onsdag formiddag seier lensmann Frank Frilund at hoppinga skjedde på ein stad det ikkje er lov å hoppe frå.

- Bør betale redningsaksjonene selv