Hopp til innhold

Basehoppar omkom

Ein 28 år gamal australsk basehoppar er funnen omkomen etter eit hopp i Litledalen i Sunndal.

Basehoppulukke

Ambulanse og helikopter er på plass, og redningshelikopter på veg, opplyser politiet.

Foto: Eindride Gravem

Politiet opplyser at personen hoppa frå fjellet Langrabb-piken i Litledal i Sunndal.

Ambulansehelikopteret som kom til staden observerte hopparen i området, og redningshelikopter fekk henta mannen ut, fortel politiet.

Meldinga om den sakna kom inn like før klokka 20 i kveld. Det var 5 personar som hadde hoppa, men berre fire kom ned.

I 2002 omkom ein basehoppar i det same fjellet, og det tok fire dagar å få han ned.

Litledal
Foto: NRK