Hopp til innhold

Basehoppar frå Noreg omkom

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Ein basehoppar frå Åndalsnes i Rauma omkom tysdag i nasjonalparken Grand Canyon i Arizona i USA.

Den omkomne var 37 år gamle Eiliv Ruud. Han var opphavleg frå Gausdal, men var busett i Rauma, opplyser politiet.

Ruud omkom tysdag under eit hopp frå ei 304 meter høg klippe i USA.

Staden han hoppa frå er i Salt Trail Canyon, nord i Arizona, og staden er ein populær stad for basehopparar.

Fallskjermen opna seg ikkje skikkeleg

Det var under det heilt første basehoppet at det gjekk forferdeleg gale, om lag halvvegs inn og ned i basehoppet.

– Det verkar som om eit vindkast bles han inn i fjellveggen, fortalte Gerry Blair, talsmann for sheriffen i Coconino County.

37-åringen trefte fjellveggen, og i etterkant opna ikkje fallskjermen seg skikkeleg.

– Kontakta med fjellveggen gjorde at han flaug i ein spiral resten av vegen ned, sa Blair.

Mannen blei erklært død på staden.

Høyrte lyden av landinga

Mannen var saman med to andre norske basehopparar – éin mann og éi kvinne – i Arizona då ulukka skjedde. Alle hadde vitja området tidlegare.

Til den første politimannen på staden fortalte dei to at dei såg 37-åringen sitt hopp frå hoppstaden. Dei skulle sjølv basehoppe like etter.

Avisa Navajo-Hopi Observer i USA skriv at desse to fortalte til politiet at dei høyrte lyden av 37-åringen som trefte bakken.

Henta ut dagen etterpå

Eit redningshelikopter landa om lag 150 meter under ulukkesstaden tysdag.

Delar av personellet gjekk til ulukkesstaden for å få endeleg stadfesta at 37-åringen hadde omkome, og fann mannen død.

På grunn av nattemørke blei ikkje 37-åringen frå Åndalsnes henta ut før dagen etterpå.

Då flaug redningshelikopteret inn til ulukkesstaden og frakta han til parkeringsplassen utanfor turistkontoret i Grand Canyon.

Seinare blei like frakta til Coconino County Medical Examiner's Office, der mannen blei obdusert og dødsfallet etterforska vidare.

(NRK/NTB)