Høyringar er noko som vanlegvis er for vaksne. Men når ein ny innfartsveg skal på plass i Kristiansund, er det også viktig å ta med barn og unge.
– Vi får elevane til å kartlegge og teikne på kart kor dei går eller syklar, seier Bente Elshaug i plan- og bygningsrådet i Kristiansund kommune.
- Les også: Firefelts veg inn til Kristiansund
På Nordlandet ungdomsskule i Kristiansund har ungdommane samla seg i grupper. I hendene har dei farga tusj og på bordet framfor seg ligg eit stort kart.
Arbeidsmåten, som heiter barnetråkk, skal gi ei oversikt over kor barn og unge beveger seg.
Kartlegger trafikkfare
Elevane får spørsmål om kor dei bur og kor skulen ligg. Dei må også svare på kor dei syklar eller går når dei skal desse plassane.
Eit viktig punkt som Statens vegvesen vil vite meir om er kor elevane syns det er trafikkfarleg.
- Les også:
– I dette området ser ikkje du akkurat når bussen kjem, seier niandeklassingen Ole Martin Lund Johansen medan han peiker på kartet.
Han håper at vegvesenet vil lytte til observasjonane deira. Dei kan bli viktige når vegvesenet skal planlegge nye gang- og sykkelvegar.