Hopp til innhold

Bruker fritida på å lære spansk

Syvendeklassingane på Valderøya og Vigra skule i Giske, har dei to siste åra hatt spanskundervisning. Etter to år avsluttar no prøveprosjektet.

Spanskklasse

Spanskklassa ved Vigra barneskule har dei siste to åra lært spansk, etter vanleg skuletid.

Foto: Bibi Kjølås/NRK

Fremandspråktimane har gått føre seg på måndagar og onsdagar, etter vanleg skule tid i løpet av to år. No er elevane klare for ungdomsskulen, med større spanskkunnskap enn andre på same alder. Elev Frank Røsvik synest ikkje det har vore noko problem at elevane har hatt undervisning etter vanleg skuletid.

– Det kjem vel nyttig med seinare i livet, så det er positivt, seier Frank Røsvik.

Ulik undervisning


Å ha framandspråk på barnetrinnet skal gi en moglegheit til å lykkast med eit språk til, ved å ha to ekstra år og lære det på. Prosjektet er i regi av Kunnskapsdepartementet, og skal førebels ikkje vidareførast.

Spansklærar i Giske, Lidia Starukhina, synest ikkje noko om det.
Ho meiner alle barneskular bør innføre undervisning i fleire framandspråk.

Spanskundervisning

Lærar Lidia Starukhina underviser. Barneskulane på Valderøy og Vigra avsluttar no prøveprosjektet i spansk.

Foto: Bibi Kjølås/NRK

– Det er dumt og synd. Elevane har vore veldig motivert i løpet av dei to siste åra, seier Starukhina.

– Vi har hatt forskjellig undervisning. Både leikar, power point og andre ting vi ikkje pleier å ha til vanleg, seier elev Thomas André Jamne.

Vil forsette


I 2010 begynte sjetteklassingane med spansk. Alle elevane som har hatt spansk kjem til å fortsette med språket på ungdomstrinnet.

– Det er bra at vi har lært språket så tidleg, fordi da ligg vi litt framfor dei andre på ungdomsskolen. Vi kan litt meir og det er bra å kunne vidare i livet, seier elev Andrea Årseth.

– Når eg reiser til andre land så kan eg bruke det, seier elev Ingrid Gullhav.

Barn lærer lett


Spansk blir stadig viktigare å kunne. I Møre og Romsdal har også Bjørkedal nærskule i Volda og Øye skule i Surnadal vore med på prosjektet som no skal avsluttast, og evaluerast. Lærar Lidia Starukhina meiner dette ikkje treng evaluerast, sidan det er påvist at barn lærer språk lett.

– Det har vore mye forsking på det. Jo tidlegare du begynner med språk, jo meir kan du lære, seier Starukhina.

Kommunalsjef

Kommunalsjef i Giske, Sindre Røsvik meiner prosjektet har vore positivt.

Foto: Bibi Kjølås/NRK

Kommunalsjef i Giske, Sindre Røsvik seier dei anbefaler at det blir innført spansk i barneskulen.

– Giske kommune har hatt positive erfaringar og elevane liker det. Dei kan lære stor meir spansk ved at dei får begynne så tidleg, seier Røsvik.


Kunnskapsbank

Steinar Nybøle, leiar for nasjonalt senter for framandspråk i opplæringen seier ungdomsskulelærere har klart å omstille seg til å lære språk til barneskuleelevar.

– Det som har skjedd med dette forsøket er at man har bygget opp ein kunnskapsbank. Lærarane kan no lære lærarar korleis det er å undervise på barnetrinnet. For ti år sidan syntest nesten ikke spansk på statistikken over fremadspråk. Derfor har det vore ei utfordring å få godt utdanna spansklærare på kort tid. Så dette prosjektet er veldig positivt, seier Nybøle.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL