- Vi har ikkje gjennomgått heile beslaget enno, men eg kan sei at beslaget inneheld skildringar av barn frå omlag 2 til 12 år gamle, seier lensmann Guttorm Hagen til NRK Møre og Romsdal.
Lensmann Guttorm Hagen seier at det førebels ikkje er mogleg å seie noko om bileta er tekne i Noreg eller om dei stammar frå utlandet.
Hagen stadfester også at beslaget blei gjort ved ei tilfeldigheit. - Vi hadde grunn til å ransake bustaden til 30-åringen i ei anna sak. Og betjentane våre gjorde jobben sin godt og fann dette materialet. Dette er godt politiarbeid, seier Hagen.