NRK Meny
Leikeplass på barnehage
Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Barnehagetilsyn i Ålesund

Oppsummert

Ålesund kommune har granska seks private barnehagar og konkludert med at fire av dei tek ut ulovleg store utbyte.

  • Klagar på vedtak

    Læringsverkstedet Olsvika, tidlegare Kulur Olsvika barnehage, klagar på Ålesund kommune sitt vedtak om å krevje tilbake tilskot på om lag to millionar kroner. Kommunen meiner overføringane til morselskapet er unormalt høge i 2015 og meiner dette kan vere eit skjult utbyte. Leiinga i barnehagen meiner på si side at dette er betaling for administrasjonskostnader. Advokaten til barnehagen, Einar Brunes, skriv i klaga at vedtaket til kommunen er ugyldig og at det må opphevast. Vidare meiner han at krava i barnehagelova til bruken av tilskot er overhalde og at det ikkje er grunnlag for å pålegge barnehagen økonomiske sanksjonar.

  • Barnehagane klagar

    Barnehagane i Ålesund som blir kravde for over fem millionar kroner, klagar til kommunen. Kommunen hevdar dei private barnehagane mellom anna har henta ut ulovleg høge leiarløner, gitt seg sjølve private lån og fordelar.

    Åse barnehage
    Foto: Øyvind Sandnes
  • Doblar millionkrav mot barnehage

    Ålesund kommune krev tilbake nesten dobbelt så mykje i tilskot frå tidlegare Kulur barnehage i Olsvika. Tidlegare i haust varsla kommunen at dei ville ha tilbake vel 900 000 kroner, no har dei vedtatt eit krav på nesten to millionar. Kommunen hevdar pengane lovstridig er overført morselskapen, medan leiinga i barnehagen seier dette er betaling for administrasjonskostnader. Kommunen har det siste året granska seks private barnehagar, og krev fire av dei for millionbeløp.

    Ålesund rådhus
    Foto: Synnøve Hole / NRK
  • Ønskjer nasjonalt tilsyn

    Private barnehagar etterlyser eit nasjonalt tilsyn som kan sjekke at dei driv etter lova. Fire private barnehagar i Ålesund kan bli nøydde til å betale tilbake millionar til kommunen etter påstandar om ulovlege uttak. Administrerande direktør i Private barnehagers Landsforbund, Arild Olsen, seier mange kommunar manglar kompetanse til å gjere slike tilsyn. Kommunalsjef Bjørn Ivar Rødal seier Ålesund kommune har hatt fleire tilsette på heil- og deltid sidan nyttår for å granske dei private barnehagane.

  • Kommunen vurderer millionkrav

    Ålesund kommune vurderer å krevje fleire millionar frå fire barnehagar, og hevdar dei kan ha brote barnehagelova.

    Ålesund kommune vurderer å krevje tilbake millionbeløp frå fire private barnehagar fordi dei hevdar at pengane ikkje har kome ungane til gode. Kommunen hevdar fleire av barnehagane har brote barnehagelova grovt.