Hopp til innhold

Barnehagetilsette slit seg ut av smittevern

Éin vaksen på ti born. Dårleg samvit og manglande tid til å lage pedagogisk opplegg. Det er historier frå tilsette i barnehagar. Utdanningsforbundet krev strakstiltak.

Ingrid Saltre og Anne Ruste, Straumsnes barnehage.

I Straumsnes barnehage kan dei ikkje hugse sist alle var på jobb. Ingrid Saltre og Anne Ruste seier det går utover tilbodet til barna.

Foto: Trine Jørgensen Aandahl / NRK

– Vi har barnehagar som har 25 tilsette, der rundt ti tilsette er borte kvar dag. Det er heilt uhaldbart. Det er tilsette som gret når dei går frå jobb, dei er så slitne, seier Solveig Hals, fylkesleiar i Utdanningsforbundet i Vestfold og Telemark.

Utdanningsforbundet sentralt stadfestar at situasjonen er den same over heile landet. Tilsette i karantene og tomme vaktplanar gjer situasjonen svært vanskeleg. No krev forbundet strakstiltak: tilsett fleire, få inn studentar og om naudsynt må opningstidene kortast ned.

– Kan ein ikkje gi eit forsvarleg tilbod er ein nøydd til å sjå på opningstidene, seier Hals.

Sjeldan fulltallige på jobb

I Straumsnes barnehage i Tingvoll på Nordmøre kan dei ikkje nesten hugse sist dei var fulltallige på jobb.

– Vi er for få på jobb, spesielt på starten og slutten av dagen. Det er særleg vanskeleg om ettermiddagane når borna er slitne og treng eit fang å sitje på, og du i tillegg skal ta deg av bleieskift og kommunisere med foreldre, seier pedagogisk leiar Anne Ruste.

Mangelen på tilsette får også konsekvensar for borna.

– Vi må kutte i det pedagogiske opplegget, slik at det er vanskeleg å nå måla i rammeplanen, forklarer Ruste.

Som alle andre må også tilsette i barnehagar halde seg heime ved det minste symptom på luftvegsinfeksjon.

– Vi er vane med å ta ein paracet og jobbe vidare. Det kan vi ikkje no, seier kollega Ingrid Saltre.

Ho er spesialpedagog, og har øyremerkt tid til å planleggje opplegg for dei borna som treng ekstra oppfølging. Denne hausten har mykje av tida i staden blitt brukt til å dekkje opp for sjuke kollegaer, sprite dørhandtak og passe på at barna vaskar hender.

Åleine med ti barn

Vibeke Mortensen, Brevik barnehage.

Vibeke Mortensen går frå jobb med klump i magen.

Foto: Richard Aune / NRK

Dei er ikkje åleine med utfordringane. I Brevik barnehage i Porsgrunn har Vibeke Mortensen opplevd å vere åleine med heile ti born på slutten av dagen. Ho beskriv ein hale av barn som følgjer henne med spørsmål om alt dei vil finne på, samtidig som ho skal gi beskjedar til foreldre som kjem for å hente.

– Vi er mange som jobbar overtid på kveldane, fordi det ikkje er mogleg å gå frå for å leggje planar på dagtid, seier Mortensen.

Kommunalsjef for barnehage i Porsgrunn, Tollef Stensrud, seier dei helst ikkje vil røre opningstidene, og at beskjeden frå sentrale styresmakter er klar.

– Den er at vi skal drive mest mogleg normalt.

Manglar vikarar

Kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby har sagt at dersom ein barnehagelærar er sjuk, skal det bli sett inn vikar.

Men barnehageleiarar over hele landet rapporterer at det er vanskeleg å finne nok vikarar.

– Det er ikkje ein kø av vikarar å velje mellom. Dei skal ha politiattest og vere flinke med barn, seier Anne Ruste i Straumsnes barnehage.

Vil ikkje tilsette fleire

Odd Arild Bugge er kommunedirektør i Tingvoll. Han seier kommunen har planar for kva dei skal gjere dersom sjukefråværet i barnehagane når eit visst nivå.

– Det er ikkje aktuelt for oss å auke bemanninga, fordi talet på barn i kommunen er på veg ned. Men kortare opningstid kan vere aktuelt. Vi prøver å finne ut kva som er best å gjere frå dag til dag.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL