Hopp til innhold

Barnehagen blir tryggare med ein slik krok

Etter ei tragisk kvelingsulukke i Ålesund valde mange barnehagar å demontere alle krokar i barnehagegarderobene. No får denne potensielt livreddande kroken designpris.

Garderobekroken Hlìn.
Foto: Matti Bernitz Pedersen / Grande Fabrikker

Hlin – kroken kom i produksjon i desember i fjor og fekk no i kveld, onsdag 27/4, Merket for god design, ei utmerking som blir delt ut kvart år av Norsk design- og arkitektursenter (DOGA) på Transform 2016, (sjå faktaboks).

Grande Fabrikker frå Skjelbostad har saman med Anunatak i Åndalsnes laga denne garderobekroken som skal gjere barnehagen til ein tryggare stad.

LES OGSÅ: Krokene skal gjøre barnehagene tryggere

Andre pris på fem dagar

– Vi er veldig glade for å få denne prisen, og så høyrer det med til historia at vi førre fredag fekk prisen for årets produkt i Møbel og Interiør, seier ein ivrig Torbjørn Hjelden som er dagleg leiar i Grande Fabrikker i Rauma.

Tanken bak dei nye krokane er at dei skal løyse seg ut når vektbelastninga blir over 8 kilo. Hjelden meiner dette er eit unikt produkt og han fortel at interessa frå marknaden er stor.

– Dei første barnehagane har alt bytta ut dei gamle krokane med Hlìn-krokar, og tilbakemeldingane er veldig gode. Dei tilsette seier dei er letta over at ulykkesrisikoen er fjerna, seier Hjelden.

Hlin Kroken

Dette er gjengen som har stått bak utviklinga av Hlin-kroken

Foto: Grande

Mange involverte

Hjelden fortel at dei fort forstod at dei hadde fått ein god ide og at det etter kvart har blitt mange involverte i prosjektet.

– Det er fire involverte selskap i utviklinga av denne kroken. Så vi har spisskompetanse på alle felt. No håper vi at alle barnehagar vil kjøpe denne garderobekroken, seier han håpefullt.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL