Hopp til innhold

Barnehageforeldre i Halsa er uroa for etablering av mottak

Foreldra ved Halsanaustan barnehage vil ha svar på spørsmål rundt den planlagde etableringa av asylmottak for einslege mindreårige i Halsa frå nyttår.

Ola Rognskog

Ordførar Ola Rognskog i Halsa har forståing for at nokre av foreldra i Halsanaustan barnehage er uro for at eit mottak skal ligge i same bygg som barnehagen.

Foto: Trond Vestre / NRK

UDI og Hero har inngått avtale om mottak av 35 einslege mindreårige asylsøkarar i Halsa frå nyttår.

Ordførar Ola Rognskog seier det er naturleg at folk er usikre og har spørsmål.

– Det er ikkje unaturleg at ei så tor endring i driftskonseptet ved hallen gir grunnlag for spørsmål, så det har eg full forståing for, seier han.

Folkemøte måndag

I brev til ordføraren vil foreldra mellom anna vite meir om risikoen ved å samlokalisere barnehagen og mottaket i same bygg, og om kommunen har analysert risikoen i samband med plasseringa.

Dei vil også vite om kommunen er rusta til å vareta den psykiske helsa til asylsøkarane, og kva som skal skje dersom samlokaliseringa viser seg å vere uheldig for barnehagen.

Ordføraren trur det planlagde folkemøtet måndag kveld, der også UDI og Hero skal vere til stades, vil avklare mykje.

– Vi har definert oppgåvene våre som vertskommune der kommunen ikkje går inn driv mottaka, men yter tenester fastlagt i lovverket. Det gjeld, helse, skule, barnevern og alt som skal til for å få det til å flyte, seier Rognskog.

– Kommunen er i alle fall innstilt på å ruste seg med tilstrekkelege helse- og undervisningstilbod mm, held han fram.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL