Hopp til innhold

Barnehage vurderer om dei skal godta bot etter dødsulykke

Blindheim barnehage har ikkje bestemt seg for om dei vil godta bota dei har fått etter at ein 4-åring døydde i fjor sommar.

Adrian Gjærde omkom i barnehageulykken i Ålesund

Fire år gamle Adrian Gjærde omkom i den tragiske barnehageulukka i Ålesund sommaren 2014.

Foto: MALIN KJELSTADLI KORSNES/NRK og Privat/NTB scanpix

Statsadvokaten meiner rutinesvikt førte til at Adrian Gjærde (4) vart kvelt då han var i barnehagen og har ilagt barnehagen ei bot på 50 000 kroner.

For ti månader sidan vart fire år gamle Adrian Gjærde funnen livlaus i garderoben. Han kan ha vore utan tilsyn i over 30 minutt og vart kvelt av ei snor frå ein ryggsekk.

Statsadvokaten grunngir bota med at barnehagen ikkje har hatt gode nok rutinar for å hindre ulykker.

Omtenkingstid

Dersom barnehagen ikkje aksepterer bota vil saka gå for retten. Det var styreleiaren i barnehagen som opplyste til statsadvokaten at dei ville ha meir tid før dei gir svaret sitt.

Då politiet leverte saka til statsadvokaten før påske uttalte foreldra at dødsfallet til Adrian ikkje var ei ulykke, men ein totalsvikt frå barnehagen.

I pressemeldinga skriv statsadvokat Ingvild Thorn Nordheim at barnehagen får ei føretaksbot for brot på Folkehelselova.

«(...) for å ha unnlatt å planlegge og drive virksomheten slik at skader og ulykker ble forebygget.»