Hopp til innhold

Barnehage får bot etter at Adrian (4) døydde

Blindheim barnehage får 50 000 kroner i bot etter at Adrian (4) vart kvelt av snora frå ein barnehagesekk sommaren 2014.

Adrian Gjærde

Adrian Gjærde (4) døydde i Blindheim barnehage 27.juni 2014.

Foto: Privat

Statsadvokaten har bestemt at Blindheim barnehage får ei føretaksbot på 50 000 kroner for å ikkje ha gode nok rutinar for å hindre ulykker. Det skjer 10 månader etter at 4 år gamle Adrian Gjærde vart funnen livlaus i garderoben av barnehagepersonalet.

Adrian kan ha vore utan tilsyn i så lenge som 30 minutt, men Blindheim barnehage slepp straffesak.

– Adrian blei svikta den barnehagedagen

Dødsulykke

Blindheim barnehage får ei foretaksbot på 50 000 kroner etter at Adrian døydde i barnehagen 27.juni 2014

Foto: Remi Sagen / NRK

Fire år gamle Adrian Gjærde vart funnen livlaus i barnehagen av personalet. Ingen visste kvar han var og då dei fann han stod livet ikkje til å redde. Adrian kan ha vore utan tilsyn i over 30 minutt og    vart kvelt av ei snor frå ein ryggsekk

Då politiet leverte saka til statssadvokaten før påske uttalte foreldra at dødsfallet til Adrian ikkje var ei ulykke, men ein totalsvikt frå barnehagen .

Tysdag seier bistandsadvokat Anne Hovde til NRK at statsadvokaten har avgjort at det ikkje blir noko straffesak mot Blindheim barnehage.

– Men barnehagen får ei føretaksstraff på 50 000 kroner, fortel Hovde.

Faren til Adrian, Geir Gjærde, seier til NRK at ansvaret for sonen sin død no er plassert hos barnehagen og viser til bistandsadvokat Hovde.

– For foreldra til Adrian er det viktig at ansvaret for dødsfallet vert plassert og statsadvokaten har med dette førelegget lagt til grunn at barnehagen var uaktsame den dagen Adrian døydde, seier Anne Hovde.

Styrar i Blindheim barnehage ville ikkje uttale seg til NRK tysdag kveld.