NRK Meny

Barnehagane må få seie sitt

Det er ikkje sikkert at utfallet av Ålesund kommune si gransking av private barnehagar blir at barnehagane må betale tilbake. Det meiner kommunikasjonsdirektør i Private barnehagers Landsforbund, Marius Iversen.
Kommunen hevdar at fire private barnehagar har brukt pengar som ikkje har kome barna til gode, blant anna med høge leiarløningar, leasing av bilar og kjøp av naust. Iversen seier at granskingar andre stader i landet har enda med at kommunane har måtte trekt tilbake påstandane om lovbrot.

Marius Iversen, PBL
Foto: PBL