Hopp til innhold

Barnebarnet tek over bikubane etter 50 år

Knut Haddal (85) er alvorleg kreftsjuk, og reknar ikkje med å leve ut året. I over 50 år har han drive med birøkt. No er han uendeleg glad for at barnebarnet Kevin Øvrelid (23) tek over biene.

Kevin Øvrelid og Knut Haddal ved bikubene

Kevin Øvrelid og Knut Haddal ved bikubane saman for første gong. I Valldal i vår.

Foto: Privat

I sofaen heime hos Knut sit dei to saman og diskuterer birøkt. Det er ein tydeleg stolt bestefar som kan vere trygg på at bikubane hans går i arv.

– Det er fantastisk å sjå kor fint det går med Kevin og at han har fått så godt tak på dette. Det er veldig bra.

Knut har tøffe behandlingar for kreftsjukdomen. Heime i Ulsteinvik denne juniformiddagen har han ein god dag. Dagsforma skiftar. Ei sjukehusseng har nettopp fått plass i den eine stova.

–Vi driv det i lag

Kevin som har teke over birøkta etter bestefaren lærer noko nytt heile tida. Men han vil ikkje vere med på at han har teke over heilt åleine enno.

– Vi driv det i lag, han besten og eg, seier han. Vi snakkar saman ofte om korleis birøkta skal drivast.

Kevin fekk interessa for birøkt alt for tre år sidan, men det var først etter at bestefaren vart sjuk at tanken om at han skulle ta over dukka opp.

I slutten av april vart bikubane plasserte i Valldal, og 23. mai var Knut og Kevin for første gong saman ved bikubane, Knut var ikkje sikker på om han ville orke turen dit, men dei fekk eit par timar saman ved kubane.

– Vi trudde vel ikkje vi skulle få til den turen inn til Valldal. Så det var verkeleg stort at vi fekk gjort det. Ein ting er å fortelje korleis det skal gjerast, noko anna å kunne vise det fysisk.

Inspirert av radioprogram og svigerfaren

Men tilbake til starten for 53 år sidan, i 1966.

Knut hadde aldri tenkt på birøkt før svigerfaren, Knut Holstad, tilfeldigvis høyrde på «Landbrukshalvtimen» på NRK der det vart trekt fram kor gode lyngheier det var på Sunnmøre. Og Knut som hadde bygd hus i eit flott område i Vabakkane på Hareid hadde perfekte forhold nært eigedomen.

– Eg hadde drive sjøen fram til 1963, men starta i jobb på land etter dette, ved Hjørungavåg verkstad. Svigerfar tipsa meg om birøkt etter dette radioinnslaget, og det vart starten på eit langt forhold til biene, seier han.

– Eg starta heilt i det små med ein kube, men på det meste på 70-talet hadde eg så mange som 60 til 70 kubar. Birøkt er ein vitskap der det viktigaste er å få alt til å vere i balanse, forklarer Knut.

– Ein må vere veldig interessert i biene, setje seg inn i livsforma deira og legge forholda godt til rette. Det er bier ein produserer, ikkje honning, seier veteranen.

Birøktar Knut Haddal

Knut Haddal ved bikubane i 2007.

Foto: Privat

Men at det også kan gi pengar i kassa er det ingen tvil om. I toppsesongen var han oppe i 3,2 tonn honning, men det har også vore dårlege år.

Trur på barnebarnet

Tilbake i sofaen heime. Knut veit at han lever på lånt tid. No er han trygg på at livsverket hans går i arv. Det einaste han er redd for er at barnebarnet tek på seg for mykje.

–Han må hugse å gi biene nok mat. Godt stell av biene er nøkkelen til å få til god birøkt, seier veteranen med eit lunt smil.

Han deler gjerne ut skryt til barnebarnet også.

– Det var fantastisk godt å vere saman i Valldal eit par timar. Det å sjå kor godt han steller med biene. Det viser at han har følgt med i timen, så eg har god tru på at dette skal han få til, seier Knut.

Knut Haddal og Kevin Øvrelid

Gode samtalar mellom ein birøkt-veteran og ein fersking. Knut Haddal gir barnebarnet Kevin Øvrelid mange gode råd på vegen.

Foto: Arne Flatin / NRK