Hopp til innhold

Barneavdeling helgestengd: – Ikkje akseptabelt i det heile tatt

Dei råka likar dårleg at helseføretaket sender sjuke barn til Ålesund for å spare pengar.

Frå og med i dag blir barneavdelingen ved Kristiansund sjukehus helgestengt. Dei berørte liker dårlig at helseforetaket sender sjuke barn til Ålesund for å spare pengar.

Sjå tv-saka: Få er nøgd med at barneavdelinga i Kristiansund no er stengd i helgene. Småbarnsmor Stine Mari Eide Hol meiner at det ikkje er haldbart. Reporter: Eirik Haukenes.

Fredag blei barneavdelinga ved Kristiansund sjukehus klargjort til helgestenging. Det er ikkje alle like fornøgde med.

– Eg syns det er helt vanvettig, og ikkje akseptabelt i det heile tatt.

Det seier Stine Mari Eide Hol som har hatt sonen sin Jesper på denne avdelinga. Han rakk akkurat å bli frisk før stenginga.

Helse Møre og Romsdal må spare inn 180 millionar kroner. Helgestenginga av barneavdelinga sparar 4 millionar.

Eide Hol meiner at det ikkje er nok til å kunne stenge.

Skriv ut barn tidlegare enn normalt

Bente Askestad

Bente Askestad vil helst ha avdelinga open i helgene.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Frå og med fredag må barna bli utskrivne eller sende til Ålesund før helga kjem.

Bente Askestad, som er sjef for Barne- og ungdomsavdelinga ved sjukehuset, seier at ingen på avdelinga er veldig glad for at dette skjer.

– Enkelte barn, som gjerne skulle vore her ein ekstra dag, sender vi heim eller avtalar kontroll rett over helga.

– God løysing

Ove Økland

Ove Økland, sjef for Klinikk for barn og unge i Helse Møre og Romsdal.

Foto: Hans Olav Landsverk / NRK

Ove Økland meiner at dette er ei bra løysing innanfor dei økonomiske og faglege rammene som helseføretaket står ovanfor.

Kronisk sjuke barn kan måtte reise til Ålesund eller Trondheim for å få behandling i helgene. Men enkelte kan bli lagt inn på vanleg sjukehuspost for vaksne.

– Barn som for eksempel har brotskadar blir lagt inn på ortopedisk avdeling her på sjukehuset, seier Askestad.