Barna sov då innbrotstjuv gjekk frå rom til rom

Då foreldra kom heim stod dørene opne og fleire verdigjenstandar hadde blitt stole. Politiet leitar no etter den eller dei som står bak det frekke innbrotet.

Laster kart, vennligst vent...

Innbrotet skjedde på Gåseid i Ålesund. Politiet fekk melding om innbrotet like etter klokka 12.00 tysdag.

– Vi fekk melding i 12-tida. Ein eigar av eit bustadhus på Gåseid melde om eit innbrot i huset etter at foreldra hadde reist på jobb klokka 07.30.

Det seier operasjonsleiar Ole Bjørn Harang i Sunnmøre politidistrikt.

Like etter klokka 12 kom éin av foreldra heim frå jobb. Då stod dørene opne og fleire verdigjenstandar hadde blitt stole. Meir spesielt: Barna i huset hadde sove gjennom innbrotet.

– Ja, dei har ligge og sove medan framande har vore inne i huset og snoka rundt – og gått frå rom til rom. Dei skal ha vore fleire stadar i huset og tatt med seg ulike gjenstandar, fortel Harang til NRK.

Oppmodar folk til å passe på

Operasjonsleiaren seier at barna heldigvis ikkje oppdaga innbrotet.

– Då veit vi ikkje kva som kunne skjedd, vi kan berre anta, seier Harang, som meiner liv og helse er langt viktigare enn verdigjenstandar.

– Forsøk å ikkje eskalere situasjonen vidare om du tek nokon i å stele.

Han vil no oppmode folk om å vere obs i sommar.

– Folk går ut, besøker naboen og så står dørene opne. Det er ein naturleg ting, men ein ser kor fort gjort det er når nokre er ute med vonde hensikter. Dei er på utkikk og går inn der dei kan.

Dessverre bør vindauge og dører vere låste, meiner Harang.

Politiet står førebels på bar bakke og ønskjer tips i saka.

NRK følgjer saka.