Hopp til innhold

Klagar på kvalme og mageverk

Barn som gruar seg for å gå på skulen, er eit aukande problem. Eit typisk teikn er at dei klagar på kvalme og hovudpine.

Mange barn vegrar seg for å gå på skulen

Skulevegring er eit aukande problem hos norske barn.

Foto: Scanpix / SCANPIX

Trude Havik

Trude Havik forskar på skulevegring ved Senter for åtferdsforsking i Stavanger.

Foto: Senter for adferdsforsking

Mange tusen barn lir av skulevegring og kvir seg til å gå på skulen.

– Grunnane er mange og samansette. Det kan vere alt ifrå mobbing, skifte av lærar, at barnet slit med å følgje med i enkelte fag, eller at det har opplevd vanskar heime, seier stipendiat Trude Havik, ved Senter for åtferdsforsking i Stavanger.

LES OGSÅ:

når du sitter der og blir plaga i 1 ½ år så tror eg at det tar en del på jobbviljen din og kordan du oppfører deg og litt sånn .. du blir på ein måte bare ein skygge av deg sjøl

Krister / Frå Kristin Rudjord si masteroppgåve om skulevegring

Kvalme

Det er typisk at barnet klagar på vondt i magen, kvalme eller hovudpine. Mange foreldre opplever tøffe kampar på morgonen for å få barnet av garde.

– Vi ser ofte at problemet startar i 4.–5. klasse, men vi kjenner til at born heilt ned i seks-sju års alderen utviklar angst mot å gå på skulen, seier Havik

Mønster

Både skule og foreldre bør vere merksame på om det er eit mønster i fråveret. Det kan starte heilt i det små, med at barnet er borte i enkelte timar eller på enkelte dagar i veka. Seinare kan fråveret auke i omfang. Spesielt har barn med skulevegring vanskar med å gå på skulen etter feriar, i overgangen frå barneskule til ungdomsskule eller etter å ha vore borte på grunn av sjukdom.

SFO Illustrasjonsfoto

Skulevegring kan starte heilt ned i 6.–7 årsalderen, men det vanlege er at problema melder seg i 4.–5. klasse.

Foto: Scanpix

Stille og sårbare

– Barn med skulevegring er ofte dei emosjonelt sårbare ungane. Dei stille og forsiktige borna, som lett vert usynlege i klasserommet, seier Havik.

Det er svært lite forsking på skulevegring i Noreg, men internasjonale studiar kan tyde på at ein til to prosent av borna i grunnskulen har alvorleg skulevegring. Fleire er i ei gråsone, der dei har ein del fråvær.

Altså det sosiale med elevene og sånn gjekk heilt greit, men når det kom til lærerne så… altså eg har jo ADHD og det takla de egentlig ikkje

Vera / Frå Kristin Rudjord si masteroppgåve om skulevegring

Aukande problem

Lene Solheim

Lene Solheim har gjennom prosjektet med skulevegring i Oslo, inntrykk av at problemet er aukande.

Foto: privat

Lene Solheim har jobba i eit skulevegringsprosjekt i Oslo, for å gjere skular og hjelpeapparat betre rusta til å fange opp elevane så fort som råd.

Ho har inntrykk av at problemet er aukande.

– Dei med alvorleg skulevegring kan vere borte frå skulen i vekevis, seier Solheim. Eleven kjem inn i ein vond sirkel, der fråværet gjer at det vert større og større vanskar med å gå på skulen. Hennar erfaring er at det finst born med skulevegring på alle skular.

Mislukka foreldre

For foreldre er det ein fortvilande situasjon, og mange er utsliten av å kjempe for å få barnet på skulen.
-Det å gå på skule skal vere den mest naturlege ting i verda. Det er lett å føle seg mislukka som foreldre når barnet ditt ikkje vil, seier Havik.

Sett krav til barnet


Når barnet først er heime, er det lurt at foreldre sett krav. Det kan vere at barnet ikkje får ligge lenge på morgonen, sjå på tv og spele data. Det er også viktig å halde på faste leggetider. La også barnet vere med på fritidsaktivitetar dersom det har lyst til det.

– Ikkje gjer det for godt å vere heime i staden for å vere på skulen, seier Havik.

Droppar ut av skulen

Ho meiner det er viktig å ta signala på alvor tidleg. Startar problema i det små på barneskulen, kan det verte endå verre på ungdomsskulen, fordi krava der er mykje større. Og skulevegring kan vere årsak til at mange droppar ut av vidaregåande. I verste fall kan skulevegring gjere at ein aldri kjem seg ut i arbeidslivet som vaksen.

For å kunne hjelpe barnet, er det viktig å finne ut kvifor barnet ikkje vil på skulen og ut ifrå det finne tiltak. Havik seier at ein må vere open for alle moglege årsaker.