Jente overført til Oslo universitetssykehus etter badeulykke i Molde – situasjonen er uavklara

To jenter vart sende til sjukehus etter ei badeulykke i Molde torsdag kveld.

Ulykke Molde

ULYKKE: To barn var involvert i ei badeulykke i Molde torsdag kveld.

Foto: Hogne Bø Pettersen

Den eldste av dei vart først sendt med luftambulanse til St. Olavs hospital i Trondheim.

Fredag ettermiddag vart ho sendt vidare til Oslo Universitetssykehus.

Det opplyser Marit Kvikne, kommunikasjonsdirektør ved St. Olavs hospital, til NRK fredag klokka 21.00.

Ho kan ikkje seie meir om statusen til jenta.

– Uavklara skadar

Anders Bayer, pressevakt ved Oslo universitetssykehus, bekreftar i ein SMS sendt til NRK klokka 22.20 fredag at jenta er innlagt hos dei og blir behandla for uavklara skadar.

Den yngste jenta var bevisst og vart først sendt til sjukehus i Molde, før ho blei sendt vidare til Ålesund sjukehus.

Skadane hennar blir rekna som lette og tilstanden stabil, skriv sjukehuset i ei pressemelding i 10-tida fredag.

Ulykke Molde

Ambulansepersonell var på plass. Det vart drive hjarte- og lungeredning på det eine barnet på staden.

Foto: Hogne Bø Pettersen

Fekk hjelp av ungdommar

Det var andre ungdommar ved Inntaksdammen i Molde som fanga opp situasjonen, som skal ha skjedd i høve bading, og fekk hjelpt det yngste barnet på land. Det opplyser politiet til NRK.

Den eldste jenta vart lenge rekna som sakna. Men etter ei stund vart vedkomande funnen. Det vart gjort livreddande tiltak på staden før ho vart sendt til Trondheim.

Ulykka skjedde ved eit badevatn eit stykke nord for busetnaden i Molde.

To under vatn

Det var klokka 18.40 torsdag Molde brannvesen rykte ut etter melding om drukning ved Inntaksdammen i Molde.

– Alt eg kan seie per no er at to personar var under vatn. Den eine har kome opp. Den andre er ikkje lokalisert enno, seier operasjonsleiar i politiet, John Bratland, til NRK klokka 18.42.

Politiet fekk melding om hendinga klokka 18.32.

Inntaksdammen skal vere ein populær badeplass som ligg eit stykke nord for busetnaden i Molde.

Klokka 22.30 opplyser politiet at dei ikkje har noko nytt å melde om saka.

Ulykke Molde

Det vart gjort livreddande tiltak på staden.

Foto: Hogne Bø Pettersen