NRK Meny

Barn på isen – politiet rykker ut

Politiet rykker ut etter å ha fått melding om at fleire barn leikar på isen på Ratvikvatnet på Lerstad i Ålesund. Politiet ber foreldra ta ansvar for ungane sine. – Det har ikkje vore ei lang frostperiode no, så det er ingen grunn til å tru at isen er trygg. Enkelte stader er det fare for at isen er tynn, seier operasjonsleiar Erik Mikalsen.