Gut funne i sjøen i Molde – overført til Rikshospitalet

Ein gut vart funne livlaust i sjøen i Molde laurdag. Han blei først sendt til St. Olavs hospital med luftambulanse, men blei natt til søndag overført til Rikshospitalet.

Badeulykke på Retirostranda i Molde

Politiet er på badeplassen i Molde saman med andre naudetatar.

Foto: Ann Eli Nøsen / NRK

Møre og Romsdal politidistrikt opplyste søndag at guten var overført til Rikshospitalet.

Tilstanden til guten framleis er uviss.

Politiet seier måndag at dei ikkje har nokre nye opplysningar.

Laster Twitter-innhold

Meldt sakna

Politiet fekk melding om at eit barn som var på badeplassen Retiro i Molde var sakna i 14.30-tida laurdag. Barnet var der saman med familien.

– Først var det badegjestar som søkte etter barnet. Etter kvart kom brannvesenet, ambulanse og politi til staden, sa innsatsleiar Tor Anders Evensen.

Tor Anders Evensen

Innsatsleiar Tor Anders Evensen seier at det kommunale kriseteamet er varsla.

Foto: Ann-Eli Nøsen / NRK

Sendt med luftambulanse

Barnet blei etter kvart funne under vatn av overflatedykkarar frå brannvesenet. Det blei gjort livreddande førstehjelp på staden. Vitne på staden seier til NRK at barnet vart funne om lag 3–5 meter frå strandlinja.

Like før klokka 15.30 laurdag opplyste politiet at luftambulanse hadde tatt med seg barnet til sjukehus.

– Det blei jobba med livreddande førstehjelp heilt til luftambulansen kom og det fortsette dei med på vegen til Trondheim, sa innsatsleiaren til NRK laurdag.

Guten blei først sendt til St. Olavs hospital, men blei natt til søndag overført til Rikshospitalet.

Det skjedde ei drukningsulykke på Retirostranda i Molde laurdag 30. mai

Barnet vart funne på 2–3 meters djupne.

Foto: Ann Eli Nøsen / NRK

Kriseteamet er varsla

Politiet seier at det er uvisst kor lenge barnet låg under vatn.

– Det var sjokkarta for familien og vi har varsla kommunalt kriseteam, seier Evensen.

Politiet prata også med fleire av badegjestane for å finne ut om nokon hadde sett noko.

Evensen seier at fleire barn truleg har bada saman og at ein hamna under vatnet.

Drukningsulykke i Molde

Politiet snakka med badegjestar for å finne ut om nokon hadde sett kva som skjedde.

Foto: Ann Eli Nøsen / NRK