Hopp til innhold

Gut funnen død i elva i Geiranger

Den eitt år gamle guten som ramla i elva i Geiranger er tysdag kveld funnen omkomen. Det har vore eit svært krevjande arbeid.

Søk i elv i Geiranger etter barn som er sakna

Dykkarar søkte i elva frå Vinje bru og nedover. Det er stor straum i elva.

Foto: Mari Gjørva

Store redningsstyrkar jobba for å finne barnet som fall i elva i 16-tida, like ved Hotel Union Geiranger.

Rundt klokka 21.30 tysdag kveld fann redningsmannskap guten i elva og han er stadfesta omkomen.

– Familien vert vareteken av kommunen sitt kriseteam og helsepersonell, seier innsatsleiar Karl Idar Vik. Dei pårørande er samla på eit av hotella i bygda, der dei har sitte i timesvis medan leitemannskap har jobba på spreng.

Tidlegare på kvelden vart det funne nokre av klede han hadde på seg då han datt. Det var søkemannskap i elva gjennom hele dagen og det var eit svært krevjande arbeid.

Karl Idar Vik

Innsatsleiar Karl Idar Vik seier at ulykka er tragisk.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Tragisk ulykke

Innsatsleiaren seier at dei tidleg forstod alvoret og kalla ut alt tilgjengeleg redningsmannskap.

Både redningshelikopter frå Florø og fleire luftambulansar var i Geiranger for å søke etter barnet. I tillegg deltok dykkarar, redningsskøyte, båtar, brannvesen, politi, Røde Kors, 17-18 personar frå alpin redningsgruppe og elveredning. Også frivillige var med i leitinga.

Tidlegare tysdag kveld sa politiet at dei håpte å finne guten og starte livreddande førstehjelp. Søket heldt på i timevis.

– Det er ei tragisk ulykke som prega både meg og mine mannskap, seier Vik. Det er helsepersonell og gravferdbyrå som no tar seg av den omkomne.

Redningsaksjon etter barn som fall i elva i Geiranger

Om lag 30 mannskap frå Røde Kors deltek i aksjonen.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Mor såg ulykka

Hovedredningssentralen fekk meldinga om at eit snart to år gamalt barn var sakna klokka 15.40.

– Vitne såg at barnet fall i elva, seier redningsleiar Edvard Middelthon.

Familien er norske turistar i Geiranger. Mor skal også å hamna i vatnet, men kom seg opp att uskadd. Ho fekk varsla om ulykka.

– Vi har ikkje detaljane på kva som skjedde, sa operasjonsleiar ved Møre og Romsdal politidistrikt, Borge Amdam til NRK i 19-tida.

Leiteaksjon etter gut som ramla i elva i Geiranger

Redningsmannskap ved elva i Geiranger.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Risikofull operasjon

Ole Christian Larsen er leiar for alpin redningsgruppe. Han seier at det er utfordrande å leite i slike elvar. Redningsgruppa sikrar elvedykkarane, slik at dei ikkje blir tatt av straumen.

– Det er svært krevjande og risikofylt for dei som skal utføre arbeidet. Det er stor kraft i elva og alt er vått og sleipt, seier Larsen.

Trond Inge Larsgård, som er operativ leiar i Røde Kors hjelpekorps, seier at søket tysdag kveld skjedde i hovudelva.

Trond Inge Larsgård, Røde Kors hjelpekorps

Trond Inge Larsgård i Røde Kors seier at forholda er krevjande.

Foto: Synnøve Hole / NRK
Redningshelikopter etter fall i elva i Geiranger

Det var like ved hotell Union Geiranger ulykka skjedde.

Foto: Mari Gjørva / NRK

Trykka stemning

Mari Gjørva er busett i Geiranger og ho seier at den vesle bygda kryr av turistar denne dagen. Svært mange har gått langs elva på begge sider. Politiet bad folk om å halde seg unna.

– Det er ei trykka stemninga i bygda no. Det har skjedd fleire gongar at folk har ramla i elva og det har vore fleire redningsaksjonar tidlegare. Eg er skjelven, for dette gjeld eit lite barn, seier Gjørva.

Redningshelikopter i Gerianger

Fleire helikopter har delteke i søket i Geiranger.

Foto: Mari Gjørva

Alvorleg hending

Ordførar Jan Ove Tryggestad seier at den tragiske hendinga rører heile bygda og at fokuset til kommunen no er å støtte dei pårørande. Kommunen sette krisestab etter ulykka og sendte psykososialt kriseteam til Geiranger for å hjelpe dei involverte.

– Det er klart det er ei veldig alvorleg hending. Det har skjedd det alle frykta, seier Tryggestad. Med høg vasstand, låg temperatur og store fossefall er det kritisk at nokon går i elva, seier ordføraren.

Han seier det er viktig at redningsmannskapet fann guten.

Ifylgje ordføraren har det skjedd ulykker i Geirangerelva fleire gongar før.

– Tidlegare kunne det skje nesten årleg at nokon ramla i elva, men dei siste åra har det ikkje vore mange hendingar av den typen. Dette minner oss om at det er eit område der naturen er ein trussel også, seier Tryggestad.

Er området godt nok sikra?

– Den diskusjonen har vi hatt før. Konklusjonen er at det ikkje mogleg å sikre elva, seier ordføraren.

Redningsaksjon i Geiranger.

Redningsmannskapet søker etter barnet frå Vinje bru i Geiranger og nedover elva.

Foto: Mari Gjørva