NRK Meny
Normal

Bare sju av ti møter til mammografi

Framleis er det berre omlag 70 prosent av dei inviterte som møter til det offentlege mammografiprogrammet i Møre og Romsdal.

mammografi
Foto: Andreas Sundby / NRK

No føregår Foreningen for brystkreftopererte sin Rosa sløyfe-aksjon med fokus på tidleg diagnose av brystkreft.

Ei av ti kvinner får brystkreft, men stadig fleire overlever.

Det er livsviktig at sjukdomen blir oppdaga tidleg.

Kul i brystet

Anne-Barbro Nygård

Anne-Barbro Nygård

Foto: Andreas Sundby / NRK

Anne-Barbro Nygård frå Ålesund var 43 år gamal då det blei oppdaga at ho hadde brystkreft. I dag er ho 48 og frisk.

- Eg melde meg inn i ein privat mammografi-ring. Eg hadde gått eit par år og tenkt at eg skulle melde meg inn. Då eg gjorde det blei det oppdaga første gongen at eg hadde ein kul i brystet, seier Anne-Barbro Nygård.

- Det var jo sikkert litt av ei oppleving første gong du var på screening?

- Ja, det var nokså skremmande å få den beskjeden.

Mange vegrar seg

6500 kvinner mellom 50 og 69 år møter ved mammografisenteret ved sjukehuset i Ålesund i løpet av eit år.

mammografi
Foto: Andreas Sundby / NRK

Men dei utgjer berre rundt 70 prosent av alle som får invitasjon. Det er ikkje fleire som møter fram no enn då mammografiprosjektet i Møre og Romsdal starta 8. mars i 2002.

Anne-Kari Andreassen jobbar som radiograf ved Brystdiagnostisk senter i Ålesund. Ho er ikkje heilt nøgd med oppslutninga.

- Det kunne godt ha vore mykje betre. Men dette er eit frivillig tilbod, og det er opp til kvinnene sjølve å velje kva dei ønskjer, seier Andreassen.

- Kor viktig er det etter din oppfatning?

- Eg meiner det er svært viktig. Å oppdage ein alvorleg sjukdom veldig tidleg, før ein kjenner noko sjølve, er målet.

- Kva er grunnen til at såvidt mange vegrar seg då trur du?

- Ja, det er eit godt spørsmål. Eg vil ikkje spekulere i kva som gjer at dei ikkje vil, seier Andreassen.

logo mammografi
Foto: Andreas Sundby / NRK