Hopp til innhold

Bankar og kreditorar stoppa Farstad-løysing

Selskapet med ei gjeld på over 11 milliardar kroner må finne ei løysing med kreditorane sine i løpet av eit par veker.

Offshorefarty bestilt av Farstad Shipping

Farstad Shipping må arbeide vidare for å finne ei løysing med kreditorane sine.

Foto: Illustrasjon: Rolls Royce Marine

Men to av dei største kreditorane, storbankane DNB og Nordea, sette altså ein stoppar for den løysinga rådgivarane til Farstad Shipping foreslo, skriv dn.no. (krev innlogging).

Selskapa Aker og Solstad var sentrale i den løysinga.

Når DNB og Nordea sa nei inneber det ifølge avisa at bankane sjølve vil spele ei meir sentral rolle i prosessen framover.

Fleire interessentar, både innanlands og utanlands, skal ha vist interesse for selskapet som slit med høg gjeld og store tap.