Hopp til innhold

Banka "storebror"

Molde storspelte i kvartfinalekampen og sende Rosenborg ut av cupen. Kampen endte 5-0 og Molde er sikra semifinaleplass.

Moldespelarane jublar etter 3-0 scoringa

Moldespelarane jublar etter 3-0 scoringa

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / SCANPIX



Det var ein fullstappa Aker stadion i Molde i kveld og ei flott ramme rundt cupkampen. Laga i dagens kamp dominerer årets eliteserie. Rosenborg er tabelleiar medan Molde ligger på 2.plass.

Mame opnar showet

Rosenborg får første målsjanse etter kun 6 minutt. Sapara tek frispark for Rosenborg etter at Hoset dreg ned Prica 20 meter fra mål. Sapara skyt gjennom muren like utanfor mål.

Mame Biram Diouf set inn 1-0-målet etter berre 9 minutt. Thioune slår ei perfekt pasning gjennom forsvaret til Mame Biram Diouf som kjem åleine med keeper. Mame gjer ingen feil, eit nydeleg mål!

Lustig legg inn til Strand som får ein god sjanse 10 meter frå mål. Han glir idet han skal skyte og ballen går langt over.

Flott dribleserie av Thioune, han prøvar eit skot som vert til innlegg. På bakerste stolpe kjem Mota og sett ballen i mål, men det vert avblåst for offside.

Mota bankar til frå 20 meter, Jarstein reddar med ei hand og gir retur. Rosenborg får klarert.

Prica sender ballen til Iversen som hælsparkar til Dorsin, han skyt laust rett på keeper, ei dårleg utnytting.

Iversen bomma på straffe

Rosenborg får straffe berre 3 minutt ut i andre omgang når Lillebakk riv ned Sapara, men Iversen sett straffa i tverrliggaren.

Steffen Iversen brenn straffa til Rosenborg.

Steffen Iversen brann straffa til Rosenborg.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / SCANPIX

Magne Hoset slår ein perfekt corner til Daniel Berg Hestad på første stolpe, han headar ballen kontant i mål. 2-0 etter 52 minutt.

Rosenborg sin Rade Prica får gult kort etter felling av Thioune.

Magne Hoset scorar mål nummer tre for Molde. Jarstein spring ut til 16-meteren og klarerer. Ballen hamnar hjå Magne Hoset som ser at Jarstein står langt ute og skyt nydeleg i mål frå 40 meter. 3-0 etter 58 minutt.

Rosenborg sin Anthony Annan får gult kort.

Rindarøy legg inn til Pape Diouf som er heilt umarkert. Han skyt litt laust og Jarstein får skubba ballen til corner.

Mame Biram Diouf legg ei nydeleg pasning inn i feltet, Stadsgaard prøver å klarere men når ikkje fram. På baskerste stolpe står Mota og Pape Diouf i kø for å score. Mota skyt, men Jarstein reddar.

Rosenborg med 10 mann

Anthony Annan får sitt andre gule kort etter å ha forhindra ei kontring ved å felle Thioune og Rosenborg må spele med 10 mann.

Molde går rett i kontring etter eit frispark frå Rosenborg. Rindarøy legg inn, Skjelbreid klarerer rett i føtene til Pape Diouf som skrur ballen i det lengste hjørnet. 4-0 til Molde etter 74 minutt.

Flott innlegg av Pape Diouf finn Mota åleine ved bakerste stolpe, han headar i bakken og over. Halve stadion såg nok den gå i mål.

Thioune prøver å sende ballen inn til Pape Diouf, men ballen går via ein Rosenborg-spelar og hamnar hjå Mota. Han bankar ballen oppe i krysset! 5-0 til Molde etter 83 minutt.

Molde går vidare til semifinalen med heile 5-0. Kampen kunne vore annleis om Rosenborg hadde scora på straffesparket og ein av sine mange langskot. Til slutt var Molde svært effektive og fortente sigeren i kveld.

Dei fire laga som går vidare til semifinalane i cupen er:

  • Aalesund
  • Odd
  • Vålerenga
  • Molde

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL