Hopp til innhold

Bank sponsor for Bygdepride

Bygdepride er ein viktig festival som Sparebank 1 Søre Sunnmøre er glade for å støtte, skriv HR-sjef Vigar Egset i ei pressemelding. Bygdepride vart halde for fyrste gong i Volda og Ørsta i mai i fjor. Festivalen har som føremål å synleggjere skeive sine rettar i lokalsamfunnet, og at bygda skal vere for alle. Leiar Anbjørn Steinholm Frislid i Bygdepride er glad for at SpareBank 1 Søre Sunnmøre blir hovudsponsor.
– Dette gir arrangementet vårt eit godt økonomisk fundament, seier Steinholm Frislid.