Bank merkar normalisering

Sparebanken Møre har levert sitt nest beste tredjekvartalsresultat nokon gong. Resultatet etter skatt endte på 176 millionar koner, mot 153 millionar i same kvartal i fjor. Banken auka inntektene med åtte millionar, og merkar ei normalisering av samfunnet etter koronapandemien.