Hopp til innhold

Bank dømd til å betale to millionar til sunnmørspar

Eit ektepar frå Sunnmøre er tilkjent to millionar kroner i Sunnmøre tingrett. Nordea Bank Norge ASA får kritikk for å ikkje ha frårådd dei å ta opp valutalån.

Sunnmøre tingrett
Foto: Ivar Lid Riise / NRK

Sunnmøre tingrett konkluderer med at Nordea burde ha frårådd ekteparet å inngå nokon avtale om valutalån, slik dei gjorde i 2007.

Retten viser til at avtalen direkte var i strid med familien sitt ønskje om låg til moderat risiko knytt til investeringane sine.

Har kjempa i årevis

Og no må altså banken betale ekteparet til saman to millionar kroner. Mannen seier til NRK at det har vore ein lang kamp. Tysdag ettermiddag fekk han sjølv beskjed om at dei har vunne fram, etter å ha kjempa i årevis mot Nordea.

Ekteparet klaga først saka inn for Bankklagenemnda, men tapte.

Jon-Andreas lange, advokat i Forbrukerrådet.

Advokat Jon-Andreas Lange, som representerer ekteparet, er godt fornøgd med dommen.

– Vi er veldig godt fornøgd med dommen. Vi syns avgjerda er god, seier advokat Jon-Andreas Lange, som representerer ekteparet.

– Høgrisikoprosjekt

Det aktuelle lånet, som spekulerer i utviklinga av valutakurs for sveitsiske Franc, karakteriserer retten som eit høgrisikoprosjekt.

Retten viser også til at det var element ved låneavtalen som medførte ei uforståeleg og unødvendig risikoauke.

Christian Steffensen, Nordea

Pressesjef Christian Steffensen i Nordea Bank Norge ASA seier selskapet no vurderer om dei skal anke.

Foto: NRK

Pressesjef Christian Steffensen i Nordea Bank Norge ASA seier dei ikkje har bestemt seg for anke.

Vi vil no sjå nærare på saka for å vurdere om vi skal anke, seier han til NRK Møre og Romsdal.

Steffensen vil ikkje kommentere korvidt han reknar med fleire saker, og seier det er vanskeleg å spekulere i.