Møre og Romsdal er fullt av lovande, unge musikkutøvarar som spelar i band. Det er ikkje så mange stader dei kan få spelt for eit publikum. difor har Møre og Romsdal musikkråd teke initiativ til ein bandfestival.
Festivalen er tenkt å bli eit årleg arrangement som kan plasserast på ulike stader i fylket.
Dei 19 banda som er med i år kjem frå fleire kantar av fylket og representerer fleire musikksjangrar:
Harsk frå Molde
Ishamael frå Molde
The Halsa Hazel Band frå Halsa
Pestilfere frå Molde
Mellifluous Lunacy frå Ålesund
Starside Solution frå Frei
Marius & the Outliggers frå Stordal
Draupnir frå Molde
Compact Dicks frå Bolsøya
Pure Faen frå Bolsøya
Emberred Eyes frå Molde
The JCB frå Frei
jOSAH frå Vestnes
100 % frå Rauma
Black Age frå Herøy
Festivalen blir arrangert i det nye kulturhuset i Rauma på Åndalsnes laurdag 26. april. Det blir tre konsertar: kl 11.30, 16.30 og 19.30. Ein billett kostar 70 kroner og gjeld for alle tre konsertane.