Hopp til innhold

Miljøpusen Baldrian frå Sæbø gir liv og glede

Skogskatten Baldrian frå Sæbø er, ifølgje ei kåring, ein ny norsk dyrehelt.

Oskar Hauge

Pasient Oskar Hauge koser seg med Baldrian medan Bjøro Håland strøymer frå platespelaren.

Foto: Jørn Humberset

Katt i fang

Miljøpusen Baldrian slappar av på fanget til ein hyggeleg kar.

Foto: Dalastova

Baldrian vart offisielt innskriven på Hjørundfjord alders- og sjukeheim 4. desember 2012. Mange av pasientane har hatt dyr tidlegare og trivast godt med ein huskatt.

–Alle lyser opp når katten kjem inn i rommet. Folk som vanlegvis er stilferdige byrjar å prate. Det er ikkje tvil om at den gjer kvardagen betre for dei som bur her. Dei får ansvar for å styre med den, og det tar dei på alvor. Dei kjenner seg viktige, forklarar ein engasjert tilsett på heimen, Jørn Humberset.

Sertifisert miljøpus

No har Agria Dyreforsikring gitt den sertifiserte miljøpusen tittelen som Norges Dyrehelt. Den er ein av ti delvinnarar i ei kåring av Norske dyreheltar og får 5000 kroner i premie som skal donerast til eit veldedig formål. Desse pengane har bebuarane bestemt at dei vil gje til Ørsta og Volda dyreklinikk.

–Baldrian er eit godt eksempel på korleis dyr gir oss tryggleik og omsorg i kvardagen og dagleg gjer ein viktig forskjell for folk, seier juryleiar Christian Geelmuyden frå Agria Dyreforsikring.

Positiv for det sosiale miljøet

Ingeborg Pedersen

Forsking viser at dyr har ein positiv effekt på eldre på gamle- og sjukeheimar, seier Ingeborg Pedersen.

Foto: NMBU

Undersøkingar viser at dyr har ein positiv effekt på miljøet på alders- og sjukeheimar.

Ingeborg Pedersen har ei doktorgrad i folkehelsevitenskap. Ho fortel at ei spørjeundersøking i eit utval sjukeheimar viser at 28 prosent av desse hadde kjæledyr. Dei fleste hadde mykje godt å seie om det.

–Over 80 prosent av dei spurte meinte at husdyr verka positivt på det sosiale miljøet. Forsking viser og at dyr aukar sosial samhandling mellom brukarar og mellom brukarar og personale på alders- og sjukeheimar, forklarar Pedersen.

katt på akvarium

Baldrian jaktar på akvariefisk ...

Foto: Dalastova

Sjølv om forskaren understrekar at ho ser mykje positivt med kjæledyr på heimar så ser ho ikkje berre positive ting med denne typen dyrehald.

–Det er mykje som skal stemme for at det å ha eit dyr på ei slik avdeling skal vere god dyrevelferd. Dyret må vere sosialt og like seg på ein slik stad og det må vere folk som har ansvar for dyret. Somme dyr kan verte stressa når dei vert dulla for mykje med. Då er det betre for dyrevelferden at bebuarane får besøk av dyr innimellom, seier Pedersen til NRK.no.

Populær aktivator

På Hjørundfjordheimen har Baldria etter kvart vorte svært populær.

–Baldrian er ein liten kar som spreier mykje glede. Ein aktivator som er så rask, impulsiv og energisk som Baldrian skal du leite lenge etter, seier Oddhild Haugen Øye på Hjørundfjordheimen.

Hovudvinnaren, den som kan smykke seg med tittelen Norges dyrehelt, vert kåra 7. april. Bebuarane på Hjørundfjordheimen kryssar fingrane for at Baldrian vinn kåringa.

leif og baldrian

Leif og Baldrian ser på livet.

Foto: Dalastova