NRK Meny

Bålbrenning var brannårsaka i Aure

Årsaka til lyng- og grasbrannen i Aure i går kveld var bålbrenning. Det stadfestar innsatsleiar Arnfinn Fuglevåg. Det var to personar på tur som fyrte opp bålet ved Tømmerdalsvatnet. Dette kom ut av kontroll på grunn av sterk vind.